IPS står for Individuell PensjonsSparing
Når du sparer på ein IPS konto, kan du spara inntil 40.000 kroner kvart år og då få ein årleg skattefordel på 22%. Dette betyr at du kan få opptil 8.800 kroner i skattefordel kvart år viss du sparer maksbeløpet på 40.000.
Viss du vel å spara til pensjon på ein IPS konto, er heile sparesaldoen din sett bort frå formuesskatt, og du betaler heller ikkje skatt på avkastinga i spareperioden. Det er først når du som pensjonist tar pengane ut av IPS kontoen at du betaler alminneleg inntektsskatt.
Pengane på IPS kontoen kan du ta ut frå og med fylte 62 år og må minst vara til du fyller 80 år