Kva er IPS?
- IPS står for individuell pensjonssparing
- Maksimalt sparebeløp per år er 15.000 kroner i 2022. Det var 40.000 kroner i 2021
- Årleg skatteutsetjing kan bli inntil 3.300 kroner
- Pengane er bundne fram til pensjonsalderen
- Kan tidlegast betalast ut frå ein er 62 år
- Utbetaling kan minimum skje over 10 år, minst til ein er 80 år. Dersom du får pensjonen betalt ut frå du er 62 år, blir minimum utbetalingstid derfor 18 år
- Dersom årleg utbetaling er under 20 prosent av G (grunnbeløpet i folketrygda, 21 280 kroner) kan utbetalingstida setjast ned slik at ein når dette beløpet
- Ein kan spare i IPS frå ein fyller 18 år, til ein er 75 år
- Sparebeløpet på IPS-kontoen (pensjonskapitalen) går til dei etterlatne dersom kunden døyr før den avtalte utbetalingsperioden går ut
- Du kan sjølv velje kvar du ønskjer å ha IPS-avtalen din
- Du kan avbryte pensjonsspareavtalen og få skrive ut eit pensjonskapitalbevis. (Dette kan du ikkje ta ut før pensjonsalderen)