BSU - Boligsparing for unge
BSU er eit svært gunstig spareprodukt som gjer vegen til eigen bustad kortare. Du får banken si beste innskotsrente, skattefrådrag og ekstra gunstige lånevilkår den dagen du skal kjøpe bustad.
Med boligsparing for unge kan du spare inntil 27.500 kroner i året og inntil 300.000 kroner totalt i løpet av spareperioden. Årleg skattefrådrag for maksimalt innskot er 2.750 kroner.
- Du kan spare med BSU til og med det året du fyller 33 år.
- Du bind deg ikkje til fast sparing.
- Du får banken si beste rente på innskot.
- Kan brukast til kjøp av bustad eller til nedbetaling av lån på bustad.
- Ektefellar og sambuarar kan opprette kvar sin BSU-konto.