Om du er misnøgd med noko, ber me deg ta kontakt med oss. Bankens kontaktinformasjon finner du på våre nettsider under «Om banken».

Du kan og ta kontakt direkte med din kontaktperson i banken. Dersom du etter dialog med oss eller din kontaktperson vel  å retta ein formell klage til banken, skal den sendast skriftleg på banken sitt klageskjema. Skjemaet kan lastast ned frå våre nettsidene våre eller du kan få det tilsendt per post eller e-post.

Last ned skjema

Skjemaet skal sendast per post eller leverast ved personleg frammøte i banken med naudsynte opplysningar og eventuelle vedlegg for å dokumentere klagen.

Klageskjemaet kan og sendast inn per e-post. NB! Ved bruk av evnt. fødselsnummer/personnummer eller andre sensistive opplysninger i klageskjema eller vedlegg må e-posten sendast kryptert. 

Me sender deg ei skriftleg stadfesting på at klagen er motteken med ein indikasjon om forventa behandlingstid. Stadfestinga skal sendast frå banen innan ei veke etter at den formelle klagen er motteken. Alle formelle klager skal handsamast skriftleg frå banken si side, og avgjerder som ikkje gjer klagaren fullt medhald, skal grunngjevast. All dokumentasjon knytt til klagen vert teken vare på i fem år etter at klagehandsaminga er avslutta.

Dersom klagen gjeld forsikring, kredittkort, leasing eller andre produkt som banken har formidla på vegne av andre leverandørar, vil klagaren bli vist vidare til det respektive produktselskapet. Kontaktinformasjon til Eika sine produktselskap er tilgjengeleg på Eika Gruppen sine nettsider.

Om din klage ikkje fører fram i banken, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda;

Finansklagenemnda

Pb. 53 Skøyen

0212 Oslo

Tlf: 23 13 19 60

www.finkn.no