Koronapandemien

Kva dekkjer reiseforsikringa?

Har du helårs reiseforsikring?

Koronapandemien og helårs reiseforsikring

Stadig flere nordmenn har nå fått sin første koronavaksine, og de mest optimistiske prognosene tilsier at vaksineprogrammet er i mål i løpet av juli. Samtidig pågår det en debatt om de som er vaksinert skal ha en større bevegelsesfrihet enn de som ikke er det. For eksempel ved at sydenturen kan gjennomføres forutsatt vaksine.

Dessverre vil en vaksine per nå ikke ha noe å si med tanke på dekning over reiseforsikringen. Vi dekker ikke koronarelaterte hendelser i land som myndighetene har frarådet å reise til, selv om du har attest på at du er fullvaksinert. Det samme svaret vil man få hos konkurrentene. Vi forholder oss til hva UD sier om såkalte røde land, da det er de som har kunnskap og forutsetninger for å si noe om hvor det er trygt for norske borgere å oppholde seg.

Vi ønsker ikke å overprøve disse rådene og derfor legges UD's reiseråd til grunn for hvor reiseforsikringen er gyldig eller ikke. Det er ikke kun risikoen for smitte som er stor når man reiser utenlands, men også variabel kapasitet på sykehus rundt om i verden og det kan være stort press på lokalt helsevesen. Vi i Eika følger utviklingen nøye, og er spent på om UD vil innføre differensierte reiseråd, med vaksinesertifikater på plass, men anbefaler fortsatt at man har is i magen når det gjelder bestilling av reise. 

Avbestilling av utanlandsreiser
Eika heilårs reiseforsikring dekkjer avbestilling av utanlandsreiser knytte til Covid-19, på visse vilkår også når det ligg føre reiseråd til landet eller regionen du har tenkt å reise til.

Føresetnadene for dekning er: 

  1. At det ikkje låg føre reiseråd på bestillingstidspunktet (det vil seie at destinasjonen då var i grøne eller gule land/område). Avbestilling blir ikkje dekt dersom du bestilte ei reise mens reiseråda gjaldt (det vil seie at destinasjonen på bestillingstidspunktet var i raude land/område), sjølv om avreise er langt fram i tid. Grunnen til dette er at reiseråda kan endrast på kort varsel. 

  2. At det ligg føre reiseråd til destinasjonen på utreisedato (at landet eller området har blitt raudt sidan bestillingstidspunktet). 

Avbestilling av innanlandsreiser
I takt med innstrammingar grunna Covid-19, og den uoversiktlege tida vi er inne i, har vi valt å utvide reiseforsikringa si avbestillingsforsikring til å omfatte pålagt karantene som avbestillingsårsak for fritidsreiser i Noreg. Utvidinga vil gjelde til og med 31. mai 2021.

Vanleg reiseforsikring gjeld blant anna på innanlandsreiser, der du har dekning for avbestilling med akutt sjukdom som avbestillingsårsak. Vi utvidar no avbestillingsdekninga slik at den også omfattar avbestilling av fritidsreiser dersom du ikkje får reist fordi du sit i pålagt karantene.

Føresetnadene for utvida dekning er: 

  • Gjeld for fritidsreiser i Noreg som skulle vore byrja frå og med 1. januar 2021 til og med 31. mai 2021.
  • Avbestillingsforsikringa må ha gyldig dekning for det du har hatt av utlegg før du hamna i pålagt smittekarantene.
  • Utlegget er ikkje refunderbart av reisearrangør.
  • Du må vere i pålagt smittekarantene på avreisedagen.
  • Pålagt smittekarantene må skuldast nærkontakt med ein stadfesta smitta person.
  • Dette må kunne dokumenterast av kommunehelsetenesta.

Forsikringa omfattar ikkje:

  • Frykt for smitte.
  • Reiser bestilt til tross for råd frå styresmaktene om å unngå reiser.
  • Innreisekarantene etter reiser i utlandet.

Utover det som er nemt ovanfor blir ikkje avbestilling dekt av innanlandsreiser knytte til Covid-19 under Eika helårs reiseforsikring.

Her finn du oppdaterte smittevernråd frå Regjeringen.

Har du reiseforsikring gjennom kredittkortet ditt?

Dette bør du vite om kredittkortforsikringa viss du planlegg ein ny utenlandstur

Smittesituasjonen i Europa og verda gjer at ein bør unngå å reise. Det som gjer situasjonen uviss akkurat no er blant anna at land og regionar raskt kan gå frå gult til raudt. Vi anbefaler derfor at ein framleis har litt is i magen når det gjeld bestilling av reise.

For å kunne avbestille ei reise utan at du eller nokre i reisefølgjet er sjuk, treng du ei ordinær heilårs reiseforsikring. Kansellering grunna Covid-19 vil ikkje vere dekte av kredittkortforsikringa, men av den heilårlege reiseforsikringa.

Spesielle reglar som gjeld for kredittkortet
Alle kredittkorta våre blir leverte i samarbeid med Mastercard og følgjande gjeld ved reklamasjon under naturkatastrofar, regionale tragediar eller globale hendingar (informasjonen er under løpende oppdatering): 

  • Du kan reklamere på varer eller tenester du har kjøpt med kortet som ikkje er levert til avtalt dato. Det vil seie, at du kan reklamere blant anna på reiser som er kansellert dersom reiseselskapet ikkje innvilgar refusjon. Det same gjeld for billettar til ulike arrangement dersom arrangøren ikkje refunderer billettkostnadene.

Flyreise jfr. forbrukarrådet si nettside
Dersom ei flyreise blir innstilt eller kansellert, har du valet mellom refusjon av billettkostnaden for den delen av reisa du ikkje får nytta, eller ny reise på eit seinare tidspunkt. Dette gjeld uansett årsak til at flyet blir innstilt. Flyselskapet kan ikkje sjå bort frå desse rettane. Du har også krav på forseinkingsrente rekna 7 dagar frå du kravde refusjon til kravet blir betalt. Forseinkingsrente må du krevje særskild.

Førebels gjeld følgjande i samanheng med koronautbrotet (informasjonen blir kontinuerleg oppdatert)

  • Ved legeordinert karantene eller sjukdom dekkes avbestilling av reise, dersom karantenetida/sjukdom hindrar avreise.
  • Avbestilling som følgje av UD sine reiseråd blir ikkje dekt av denne forsikringa. 

Vi anbefaler deg å ta ein titt på forsikringsvilkåra våre og gjere deg kjend med dei ulike dekningane. Lurer du på kva forskjellen er mellom dei ulike reiseforsikringane? Ta ein titt på dekningssamanlikninga vår.

Treng du å melde skade, kan du enkelt levere skademelding på nett.

Spørsmål og svar om din reiseforsikring via kredittkortet