Ein godt planlagd ferietur gir deg litt mindre uroer, og meir tid til å glede deg.
Dette bør du huske på før du reiser:
- Bestill europeisk helsetrygdkort hos helsenorge.no. Dette kortet dokumenterer at du har rett til dekning av nødvendig helsehjelp i eit anna EØS-land på same vilkår som opphaldslandet sine eigne statsborgarar.
- Sjekk at du har ei god og gyldig reiseforsikring, slik at du får den hjelpa du treng dersom noko uventa skulle skje.
Dersom det skulle skje noko uventa på reisa:
- Kontakt SOS International dersom du blir sjuk i eit framandt land. Dei er Eikas forlengde arm og har ein døgnopen alarmsentral.
- Lytt til legen om du får eit behandlingsopplegg. SOS International kjenner lokale sjukehus og lækjer, og sørgjer for at du får den behandlinga du skal ha.
- Ta vare på kvitteringar frå legebesøk, medisinar og andre utgifter relaterte til sjukdomen.
Gløm ikkje:
- Å melde skade. Med Eikas reiseforsikring er du dekt på alle typar reiser i heile verda som varar inntil 77 dagar.
- Få igjen feriedagar. Miste du feriedagar grunna sjukdom? Etter Ferieloven har krav på å få igjen dei tapte feriedagane seinare same ferieår.
God tur!