«Kva gjer eg no?», tenkjer mange når det som skal vere familien sin tryggje hamn rammast. Det aller første du må gjere er å gjere nødvendige skadereduserande tiltak. Deretter kontaktar du Eika, og du kan enkelt  melde skaden her.

Når du har meldt ifrå, sender vi som oftast ut ein takstmann eller ein annan fagperson for å kartleggje omfanget av skadane. Takstmannen eller fagpersonen tek vanlegvis kontakt seinast dagen etter, dersom det er ein vanleg yrkedag.

I tillegg til å melde skaden, er det viktig at du gjer det som er nødvendig for å avverje skaden, til dømes å bestille rørleggjar eller ein annan handverkar. Dryger du med å melde frå om skaden, eller ikkje gjer nødvendige tiltak for å redusere skaden til eit minimum, kan du risikere at skaden blir forverra og at kostnadene som kjem på, ikkje blir erstatta. 

Kva blir dekt av husforsikringa? 

Forsikringa dekkjer tap ved brann-, vass-, tjuveri- og naturskadar, i tillegg til andre såkalla kaskoskadar. Kva kaskoskadar inneber kan du lese meir om i vilkåra. Du får òg kompensasjon dersom du må bu utanfor heimen eller taper husleigeinntekter som følgje av ein dekningsmessig skade. Om du ønskjer ei utvida forsikring, kan du oppgradere til Bolig Pluss. 

Bolig Pluss inkluderer mellom anna: 
  • Følgjeskadar ved vasslekkasje gjennom yttertak eller handverkarfeil. 
  • Ein høgare sum for å spesialtilpasse bustaden dersom ein familiemedlem blir rullestolbrukar.
  • 100 prosent erstatning dersom bustaden blir meir enn 75 prosent skada. 
Kva skal meldast til politiet? 
Som hovudregel som desse skadane meldast til politiet: 
  • Brannskadar 
  • Tjuveri- og hærverkskadar 
  • Overfall 
  • Ran 
  • Veskenapping
Det hender at dei som skal vurdere saka ønskjer at andre skadar skal meldast til politiet. Dokumentasjonen for det melde forholdet må leggjast ved skademeldinga. 

Er det nokon annan dokumentasjon som bør leggjast ved? 
Enkelte gonger kan det vere vanskeleg å vurdere skadane, dersom det ikkje ligg føre nok opplysningar. Derfor kan sakshandsamaren i eiskilde tilfelle be om utfyllande opplysningar i ei skademelding og eventuelt bilete for dokumentasjon. 

Eventuelle kvitteringar og fakturaer for handverkarar eller andre fagpersonar må òg leggjast ved. Hovudregelen er at du betaler for dette sjølv, for deretter å få det refundert av oss i etterkant. Dersom Eika sender fagpersonar, blir rekninga betalt direkte av oss. 


Vi er her for deg!