Synest du det er vanskeleg å ta omsyn til både miljøet og lommeboka når du skal kjøpe ny bil? Då er du kanskje ikkje klar over alle fordelane du har ved å velje eit grønt alternativ som ein elbil eller ein bil med lågt CO-2-utslepp.
I tillegg til bortimot null drivstoffkostnader, er både innkjøpsprisen og årsavgifta lågare, og du kan ofte stå gratis parkert på alle offentlege parkeringsplassar.

Lån grønt
No kan du også låne grønt. I desse dagane lanserer Eika eit miljøvennleg billån som gjer at du enkelt kan slå to fluer i ein smekk. Her får du både ein miljøvennleg bil og eit gunstig billån.

- Slik blir det mykje lettare å velje ein miljøvennleg bil framfor vanleg bensin- eller dieselbil. Gå for elbil eller eit anna miljøvennleg køyretøy, og få eit billån med ekstra gode vilkår, seier Anna Karin Fransèn, sals- og kundeansvarleg i Eika.

Om du går for denne løysinga, blir du ikkje aleine. Stadig fleire av oss vel nemleg miljøvennlege framkomstmiddel. Så langt i år utgjer elbilar 17 prosent av nybilsalget her til lands. Det er ein oppgang frå 12,5 prosent frå i fjor. Anna Karin Fransèn seier også at Eika har fått stadig større pågang frå kundar som etterspør eit eige miljøvennleg billån.

- Det som er viktigast for desse kundane, er betre renter og vilkår enn ved ordinære billån. For oss er dette eit naturleg skritt for framleis å vere konkurransedyktig i marknaden, og samtidig etterkomme kunden sitt behov, seier Fransèn.
Det lønner seg å vere miljøbevisste

Grønt er skjønt og ifølge Fransèn skal det lønne seg å vere miljøbevisst.

- Med Grønt billån tilbyr vi heile 0,25 prosent lågare rente enn ved eit ordinært billån. I tillegg er etableringskostnaden satt ned frå 1600 kroner ved vanleg billån, til 990 kroner ved Grønt billån, fortel ho.

Det nyoppretta miljølånet er tilgjengeleg for alle som ønskjer å kjøpe elbil eller ein bil med CO-2-utslepp under 100g/km, uansett om bilen er ny eller brukt.

Søk i dag
Grønt billån har ei maksimal løpetid på ti år.

- Nedbetalingstida bør vere i takt med verdifallet på bilen. Bilen kan ikkje vere eldre enn 12 år ved lånets slutt, understrekar Fransén.

Du kan enkelt søkje om lånebevis hos lokalbanken din. Søkjer du via nett, får du svar innan 24 timar. Søknader som er innvilga er gyldige i 30 dagar.