1. Gratis å eige - og å bruke
Kredittkort har fått eit ufortent dårleg rykte. Eit kredittkort treng faktisk ikkje å koste nokon ting. Både å eige og å bruke kortet er nemleg gratis. I tillegg får du inntil 45 dagar med betalingsutsetjing før rekninga må betalast. Du vel sjølv om du vil ha forfallsdato den 5., 15. eller 25. i kvar månad.

2. Få faste rabattar og gode tilbod
Kjenner du til fordelsprogrammet som er knytt til kredittkortet ditt? Eika Fordel gir deg faste rabattar og handledagar, og her kjem stadig nye tilbod frå samarbeidspartnarane.

Planlegg du ferieturen for sommaren, kan du med eit kredittkort frå Eika bruke Eika Hotell. Her får du tilgang til over fem millionar hotelltilbod frå tusenvis av nettstader og reservasjonssystem. Med eitt enkelt søk kan du dermed få beste pris på hotellopphald over heile verda.

Skal du leige bil, bør du sjekke Eika Leigebil. Her får du garantert lågare prisar, og betaler du med kredittkortet ditt, får du i tillegg 10 prosent rabatt.

3. Du får reise- og avbestillingsforsikring
Betaler du minst halvparten av reisekostnadene for transport og/eller overnatting, får du reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet. Forsikringa gjeld både sjukdom og tjuveri av verdisaker i ferien. Den gjeld også ved forseinka flyreiser. Reiseforsikringa gjeld reiser inntil 90 dagar, og er gjeldande for korthaldar og inntil tre medreisande.

4. Forsikra mot ID-tjuveri
Så mange som 150.000 nordmenn har opplevd at nokon har brukt deira identitet til å gjere straffbare handlingar, mellom anna ID-tjuveri. Brukar du kredittkort, er du forsikra mot slik svindel. Føresetnaden er at kredittkortet har vore i bruk dei siste 45 dagane, eller har uteståande renteberande kreditt.

5. Full handlefridom
Hotell og leigebilselskap reserverer ofte større summar i kortet ditt enn den avtalte prisen du skal betale. Dette fordi dei tek høgde for at du kan gjere skade på rommet eller bilen du leiger. Brukar du eit vanleg debetkort, kan det føre til at du plutseleg har mindre pengar å rutte med enn du hadde planlagt. Det er difor ekstra lurt å ha som hovudregel å alltid bruke eit kredittkort til slike formål, så har du alle pengane dine tilgjengeleg til ei kvar tid.