Stor vekst i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank leverer eit første halvårsresultat på heile 19,1 millionar kroner i driftsresultat. Dette er 3,3 millionar kroner betre enn på same tid i fjor. Det er ei betring i driftsresultatet på heile 20 % i høve til året før.

 

"Vi er stolte over det banken har skapt av verdiar det siste året, utan ein fantastisk medarbeidarstab hadde det ikkje vore mogeleg" seier banksjef Dag Sandstå.

 

Samla utlån i banken (inkludert finansiering via boligkredittforetaket) har no passert 3,2 milliardar kroner. Veksten i utlån dei siste 12 månadene er på om lag 14 %.

 

Aukar mest i personkundemarknaden

Banken har stor pågang frå personkundar som ynskjer å verta kunde i den lokale personlege banken. Det er i aldersgruppe 20-45 år banken har den største auken. Geografisk er auken størst i Sunnhordlands-regionen.

 

"Vi er glade for at dei yngre kundane ser nytten av å ha ein lokal bank som kjenner lokalsamfunnet godt, og kan tilby løysingar tilpassa den enkelte kunde" uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Banken har i tillegg til hovudkontoret på Tysnes, etablert kontor på Stord, Husnes, Rosendal, Odda og på Lagunen i Bergen.

 

Eigedomsmekling og bank

Banken har saman med Jerbanepersonalets Bank og Forsikring kjøpt Aktiv Eigedomsmekling i Hordaland. Eigedomsmeklarselskapet har kontor på Stord, Lagunen og i Bergen sentrum.

 

Dette gjer at banken no kan tilby kundane eit komplett produkttilbod innan personkundemarknaden.

  

Sunnhordlandsregionen har god utvikling

Sunnhordlandsregionen har den siste tida hatt ei god utvikling. Arbeidsløysa er lågare enn på lenge, og det er stor vilje til å investere hos verksemdene i regionen. Banken har som målsetjing å veksa også i åra som kjem.

 

"Vi har eit svært godt utgangspunkt for å veksa i åra som kjem, noko som er naudsynt for å kunne halde fram som lokal, sjølvstendig og frittståande sparebank" seier banksjefen.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

  

Tysnes, 14. august 2019 

 

Dag Sandstå

Banksjef

 

Bankens halvårsresultat for 2019 finn du her.