Emisjon i Tysnes Sparebank

Emisjon i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank – Emisjon

Norne Securities AS er tilretteleggjar av ein emisjon på mellom NOK 40 – 45 millionar i Tysnes Sparebank. Banken utferdigar mellom 380 952 – 428 571 eigenkapitalbevis til kurs NOK 105. Minimumsbeløpet i emisjonen er på førehand garantert fullteikna av eit garantikonsortium med større eigenkapitalbeviseigarar og innskjytarar i banken og andre lokale og nasjonale investorar.

 

Tidsplan for Emisjonen:

Første dag i teikningsperioden:   29. mars 2019 kl. 09.00
Siste dag i teikningsperioden   12. april 2019 kl. 16.30
Tildeling og utsending av tildelingsbrev                       Omkring 23. april 2019
Innbetaling ved automatisk trekk frå konto   Omkring 26. april 2019
Registrering av ny eigarandelskapital i Foretaksregisteret   Omkring 10. mai 2019
 Utferdigelse og levering av eigenkapitalbevis   Omkring 10. mai 2019

 

Legitimasjonskontroll

Etter lov om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering av 1. juni 2018 (kvitvaskingslova) med tilhøyrande forskrift skal det gjennomførast legitimasjonskontroll av teiknarane i emisjonen. Teiknarar som ikkje er eksisterande kundar av Banken eller Tilretteleggjar må fylle ut eige skjema som ligg lenger nede på denne sida og sende dette til emisjoner@norne.no

 

Omsetning av teikningsrettar

Teikningsrettane vil takast opp til handel på Merkur Markets og vera omsettelege i heile teikningsperioden. Dersom du ynskjer å kjøpe eller selje teikningsrettar kan Norne Securities hjelpa til med dette. Ring 55 55 91 64 eller send epost til egenkapitalbevis@norne.no. Personar som ynskjer å omsetje teikningsrettar via Norne Securities må opprette eigen avtale om aksjehandel. Dette kan gjerast i nettbanken til Tysnes Sparebank eller via www.norne.no.

 

Informasjon om elektronisk teikning i VPS

Privatpersonar har høve til å teikne eigenkapitalbevis via online teikningslink i VPS som ligg lenger nede på denne sida. Teikninga må gjennomførast før 12. april 2019 kl. 16.30.

 

Informasjon om teikning med manuell teikningsblankett

Eigenkapitalbevisa kan også teiknast på ein teikningsblankett i den form som er teke inn i Prospektet som vedlegg 2 (Teikningsblankett). Korrekt utfylte teikningsblankettar må vera motteke av Tilretteleggjar eller Banken seinast kl. 16.30 norsk tid den 12. april 2019 på fylgjande epost eller adresser:

 

Tysnes Sparebank  
Att Dag Sandstå eller Karoline Dalen                           
Teiglandsvegen 2  
5680 Tysnes  
Epost: ekbevis@tysnes-sparebank.no     
Telefon: 53 43 03 00  

 

Norne Securities AS
Postboks 7801
5020 Bergen
Epost: emisjoner@norne.no
Telefon +47 55 55 91 30

Eigenkapitalbevis