Norsk Kundebarometer er eit forskingsprosjekt ved Handelshøgskolen BI. I over 20 år har dei målt kundetrivsel og lojalitet blant norske kundar. I årets undersøking har over 9.000 forbrukarar gitt si meining til kjenne  om meir enn 180 bedrifter, frå rundt 30 bransjar.

Personleg rådgiving skaper tillit

Årets analyse viser at det er den kompetente og tilgjengelege rådgivaren, som kunden har ein nær relasjon til over tid, som skil lokalbankane frå andre banker. Nett dette har vore eit viktig satsingsområde for lokalbankane i Eika.

- Eg er godt fornøgd med utviklinga i årets kundeundersøking. Eika scorar all time high både på tillit og trivsel. Eg ser at det arbeidet bankane legg ned kvar dag gir resultat, seier konsernsjef i Eika, Hege Toft Karlsen.

Pål Silseth er høgskulelektor ved Handelshøgskolen BI og partner i Barcode Intelligence som har det kommersielle ansvaret for Norsk Kundebarometer. Han seier at dei fleste av oss framleis føretrekkjer å snakke med eit menneske når dei store hendingane i livet skjer.

-  Ein lokal filial og ein fast rådgivar som på best mogeleg måte varetar interessene til kunden - og ikkje til banken , er framleis eit høgst reelt behov blant norske bankkundar, seier han.

Ta ein tur innom banken

Lokalbankane i Eika Alliansen er opptekne av personleg rådgiving. Dei meiner det er viktig å vere til stades der kunden er, for best mogeleg å gjere ein jobb for den einskilde. 
Rådgivarane deira har kompetanse og erfaring på alle område som omhandlar personleg økonomi, sparing, lån og forsikring. Det kan derfor vere både hyggjeleg og lønnsamt å stikke ein tur innom banken.

LES OGSÅ: Fem gode grunnar til at du bør snakke med banken din