I åra som kjem, må samfunnet vårt endre seg for å bli meir berekraftig. Styresmaktene og bedriftene må gjere store delar av jobben, men mykje kan du og eg også gjere sjølve. Gjennom å gjere meir berekraftige val gjer vi det også lettare for andre å skape endring. Når fleire reiser med bussen, blir det til dømes lettare for kommunane å satse på eit betre busstilbod, og jo fleire som kjøper brukt, dess fleire spennande bruktbutikkar kjem vi til å få å velje i.

Behovet for å auke merksemda rundt berekraft treffer nesten alle område av livet vårt, og det kan vere vanskeleg å vite kvar du bør starte. Derfor har vi samla saman nokre tips til korleis du kan gjere kvardagen din meir berekraftig, avhengig av forbruk, livssituasjon og interesser. 

Ingen kan gjere alt, men vi kan alle gjere noko 
Begynner du med eitt område og blir skikkeleg god på det, vil du kanskje også synast det er motiverande å prøve deg på fleire ting etter kvart?