Produkt tilpassa barn
-
Barneforsikring
Du kan kjøpe vår barne- og ungdomsforsikring frå barnet ditt har fylt tre månader og opp til fylte 18 år. Forsikringa er ei kombinert sjukdoms- og ulukkesforsikring. Forsikringa gjeld fram til fylte 26 år.
-
Juniorkortet
Juniorkortet fungerer nesten som eit vanleg bankkort. Kortet kan brukast i minibank og butikk og har uttaks- og kjøpsgrense (sjå prislista). Mor og far kan logge seg inn i nett- og mobilbanken og få full oversikt over junior sin kortbruk.
- Barna lærer sunt kortvit frå tidleg alder.
- Barna treng ikkje å ha kontroll på kontantar.
-
Bankkort for barn over 13 år
Med Juniorkortet kan barnet ta ut pengar i minibanken og betale i butikkar som har direkte kontakt med banken. På den måten er du alltid sikker på at barnet har dekning på konto før kortet blir belasta.
- Fungerer i dei fleste butikkar og minibankar i Noreg og i utlandet.
- Kortet er kontaktlaust. Det gjer det mogeleg å betale for sum under 200 kroner, utan å setje inn kort og taste kode.