Pensjonssparing blir berre viktigare og viktigare, og dagens pensjonistar er friskare og sunnare, og truleg vil dei leve lenger enn tidlegare generasjonar (Kilde SSB). Pensjonen frå Folketrygden og pensjonsutbetaling frå arbeidsgivar vil derfor ikkje vere nok å leve av når forventa levealder aukar. For at pensjonen skal strekkje til, vil det derfor vere behov for at vi står lenger i arbeid og at vi sparer meir på eiga hand.

For å gjere det enklare for deg og meg å ta grep om eiga pensjonssparing blei Eigen pensjonskonto lansert. Her forklarer vi kort kva Eigen pensjonskonto er og kvifor det er lurt å ha kontoen i banken. Synest du det er enklare å prate med oss? Avtal eit møte med oss!

Kva er Eigen pensjonskonto?

Eigen pensjonskonto (EPK) blei lansert i 2021 og gjeld for alle som jobbar i privat sektor. Dette er ein konto som samlar pensjonssparing frå tidlegare arbeidsforhold (pensjonskapitalbevis) og pensjonssparing frå dagens arbeidsgjevar på éin konto. 

Eigen pensjonskonto i banken

Det er fleire fordelar ved å samle pensjonen din på Eigen pensjonskonto hos oss:

  • Du får gratis personleg rådgjeving hos ein av dei dyktige rådgjevarane våre.
  • Du får god hjelp til å setje opp ein spareplan tilpassa deg, dine ønske og din økonomi.
  • Du vil få ein betre peikepinn på kor mykje du vil få utbetalt når du blir pensjonist.
  • Du kan enkelt gjere justeringar på sparebeløp eller spareprofil.
  • Du får høve til å investere pensjonen din i berekraftige fond.

Slik får du Eigen pensjonskonto i banken

Det er to måtar å få Eigen pensjonskonto på i banken:

  1. Du kan logge inn i spareappen Smartspar.
    a. Trykk på «Pensjon frå arbeidsgjevar». 
    b. Trykk på knappen «Sjå kva du får i pensjon».
    c. Vel «Flytt til Eika Eigen pensjonskonto».
  2. Du kan avtale eit møte med ein rådgjevar i banken. Saman tek vi ein samtale og finn ei god løysing for deg og din økonomi. I dette møtet flyttar vi pensjonskontoen din til banken. 

Gode råd til deg om Eigen pensjonskonto:

  • Sjekk kor mykje du får i pensjon. Dette gjer du på nettsidene til norskpensjon.no. Det kan vere komplisert å få den nødvendige oversikta over kva du kan forvente å få utbetalt som pensjonist, og kor mykje du bør spare på eiga hand.
  • Eit godt råd er derfor å kunne snakke med ein rådgjevar og ha pensjonskontoen din hos ein bank der du har denne moglegheita.
  • Ein rådgjevar kan gje deg personlege råd basert på dine ønske og din økonomi, og saman med deg finn de den løysinga du blir nøgd med. 
  • Ein rådgjevar strekkjer seg gjerne litt lenger enn ein «chatbot» og finn gode løysingar for deg.
  • Ved å gjennomføre ein pensjonssamtale hos oss vil du både forstå pensjon litt betre enn då du gjekk inn i banken, og du får personlege råd basert på din økonomiske situasjon. 

Avtal eit møte med ein rådgjevar her.