1.  Formål
Med ålmennyttige føremål meines føremål som kjem flest mogleg til gode, fortrinnsvis i kommunar som Tysnes Sparebank har filial i.

Gåvene skal skapa verdiar, og sette grupper og organisasjonar i betre stand til å gjennomføre idear og tiltak til beste for ålmennheita.

Dette kan for eksempel vere innan kultur, idrett, humanitære føremål, kompetanse/utdanning, ideelle organisasjonar, forskning og samfunn

Prosjekter med bærekraftfokus vil få særleg oppmerksomheit.

2. Kven kan søke?
Alle lag, foreiningar og organisasjonar, samt andre allmennyttige foretak/prosjekter, som har konto hjå Tysnes Sparebank.

3. Korleis søke?
Lag, foreningar og organisasjonar som ynskjer å komme med i betraktninga må fylle ut elektronisk søknadsskjema som finnes nedst på denne sida. Alle felter må fyllast ut.

Søknaden må sendast banken innan 23. februar for å komme med i betraktninga.

4. Saksbehandling
Det er bankens gåvekomité som vurderer søknadane. Svar på søknaden blir sendt ut etter at bankens generalforsamling har godkjent årsrekneskapet. Utbetaling vil skje tidligst i april samme år.

5. Avslag
Komitéen som behandler søknadane vil ikkje grunngje eventuelle avslag.

5. Spørsmål

For eventuelle spørsmål ta kontakt med oss på post@tysnes-sparebank.no eller tlf 53430300.