Me stiller høge krav

Tysnes Sparebank utfører aktsomhetsvurderingar for å minimere risiko for brot på grunnleggande menneskerettar, anstendige arbeidsforhold og anerkjende prinsipp og rameverk for klima og miljø. Dette gjeld både internt hos oss sjølve og hos våre forretningspartnarar

Me startar med oss sjølve

I Tysnes Sparebank aksepterar me ikkje brudd på grunnleggande menneskerettar, anstendige arbeidsforhold og anerkjende prinsipp og rameverk på klima og miljø.

Det blir gjennomført årleg aktsomhetsvurdering. I 2024 blei banken aktsomhetsvurdert for perioden 1.januar – 31.desember 2023. Risiko for negativ påverknad på omverda blei vurdert som låg på kvart av punkta, og samla sett.

Me stiller krav til våre leverandørar og forretningspartnarar

Tysnes Sparebank jobbar aktivt for å ha ei forsvarleg verdikjede. Når ein inngår avtale med andre verksemder, opnar ein også for auka berekraftrisiko.

Me aktsomhetsvurderer nye avtalar for brudd på grunnleggande menneskerettar, anstendige arbeidsforhold og/eller annerkjende prinsipp og rameverk for klima og miljø. Me gjennomgår også eksisterande avtalar. Risiko vart for perioden 1.januar – 31.desember 2023 vurdert som låg.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål knytt til vår aktsomhetsvurdering, eller korleis me handterar faktiske og potensielle negative konsekvensar på omverda? Kontakt oss på openheit@tysnes-sparebank.no. Me vil svare deg innan rimeleg tid, og seinast innan tre veker.

Etter at me har tatt kontakt med deg vil informasjonen du gir bli sletta etter gjeldande rutinar hos oss. Dersom du ønskjer informasjon om dine rettar knytt til mellom anna sletting, innsyn, klage og samtykke, finn du det på vår personvernside

Redegjering for aktsomhetsvurdering etter openheitslova finn du for 2023: HER

Tidligare redegjerelsar finn du HER