Hopp til innholdet
Nyhet

Rekneskap 4. kvartal 2024

Godt driftsresultat og stabil aktivitet, men tapsavsetningar og høge ekstraordinære kostnadar dreg ned resultat før skatt.

Banken sitt resultat før tap og skatt er på 49,7 millionar kroner ved årsskiftet. Det er ein resultatnedgang på 6,7 millionar kroner samanlikna med 2023. Høge kredittap saman med ekstraordinære driftskostnader gjer at resultat av ordinær drift etter tap og skatt er negativt. 

I samband med den pågående fusjonsprosessen har alle bankens største bedriftsengasjement vore vurdert og det er krav om at usikkerhet skal hensyntas i den vidare prosessen. Etter tapsavsetningar vert bankens resultat negativt med 37,1 mill.kr. Tapsavsetningane som er gjort i 3. og 4. kvartal er relatert til fleire kundar/kundegrupper. Det er gjort vurderingar av enkeltengasjement der lån, drift og realisasjonsverdiar i eit konkursscenario er kvantifisert. Etter at banken la fram halvårsresultatet 2024 har det vore ei negativ utvikling i nokre av dei misleghaldne bedriftsengasjementene.

Banken ligg over myndighetskravene for soliditet, tross store tapsavsetningar. Konsolidert rein kjernekapitaldekning er 17,8 % vs. eit krav på 16,0%.

Banken har ved utgangen av 4. kvartal ein kostnadsprosent på 53,9 %. I siste kvartal er det kostnadsført utgifter knytta til ekstern rådgjeving i samband med den pågåande fusjonsprosessen; totalt 9,4 MNOK i 2024.

Innskota er stabile og banken har god likviditet. Ved utgangen av 4. kvartal er innskotsdekninga på 84,3 %. Likviditeten i banken er god, og det er inngått avtale med Eika Kapitalforvaltning om å styra overskotslikviditeten i banken med låg risikotoleranse.

Det vert ikkje innstilt på gåveutdeling eller utbytteutbetaling for årsrekneskapen for 2024. For 2025 tek me derimot gjerne imot søkanadar om sponsorstøtte og vil vurdera desse på ordinær måte.

 

Fusjonsprosessen held fram

Fusjonsprosessen pågår fortsatt, men det vil ta noko meir tid enn opprinnelig forutsatt å framforhandle eit bytteforhold som ivaretar interessene for eigarane i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank på ein tilfredsstillande måte. Reforhandling av bytteforholdet og andre deler av fusjonsavtalen følger dei avtalte prinsippa i fusjonsavtalen. Partane forventar at gjennomføring av samanslåinga skjer i løpet av andre eller tredje kvartal 2025.

Dersom det er spørsmål til børsmeldinga eller kvartalsrapporten ta kontakt med

Konstituert banksjef Wenche Vik Thorson, telefon 971 06 247 (wth@tysnes-sparebank.no)

Økonomisjef Karoline Dalen, telefon 975 48 996 (kda@tysnes-sparebank.no)

Styreleiar Bente Raknes, telefon 452 52 954