Bustadlån for unge

Er du på jakt etter den første bustaden din? Det er eit stort og spennande steig – og blant dei viktigaste investeringane du gjer i livet. Kontakt oss for ein prat, så ser vi på kva moglegheiter du har og hjelper deg i gong!
  • Banken si beste rente
  • Lågare krav til eigenkapital
  • Få din eigen rådgivar

Tysnes Ungdomslån - TUL

Kjøp av din første bustad er blant dei viktigaste investeringane du gjer i livet. Med Tysnes Ungdomslån kan du låne opp til 85 % av kjøpesummen til den lågaste renta vår. Kravet til eigenkapital er dermed lågare enn ved ordinært bustadlån.

  • Tysnes Ungdomslån er for deg som er i alderen 18 - 33 år.
  • Er de to som låner, er det alderen på den yngste som gjeld.
  • Du får banken si beste rente.
  • Du kan refinansiere så mange gonger du vil, med same gode vilkår, inntil fylte 34 år.

Bustadlånskalkulator

Sjå kor mykje du kan låne til bustad og kor mykje lånet vil koste.

Tysnes Ungdomslån

Nominell rente Effektiv rente
Innafor 85% 5,58% * 5,80% **
Termingebyr Kr 65,-
Etableringsgebyr Frå kr 2.500,-
Depotgebyr Frå kr 1.000,-  
Tinglysingsgebyr sjølveigarbustad Kr 500,- pr. pantedokument  
Tinglysingsgebyr andelsbustad Kr 500,- pr. pantedokument  
Endringsgebyr Frå kr 1.000,--  

* Forutsett heilkundebetingelser. 
** Priseksempel: Effektiv rente 5,80%. 2 millioner over 25 år. Totalt 3.737.633 kr

Gjeld inntil fylte 34 år.

Gjeldande frå 11.10.2023 på nye kredittar og utlån.

Gjeldande frå 20.12.2023 på eksisterande kredittar og utlån.

 

Finansieringsbevis

Provet på at du kan vere med i bodrunden utan forbehold om finansiering.

Ofte stilte spørsmål

illustrasjon

Flytte heimanfrå

Ut av barndomsheimen, eit steig inn i vaksenlivet og nye utfordringar. Vi er her for å hjelpe deg.

Slik får du bustadlån

Økonomien din er avgjerande for kor mykje lån du kan klare i kvardagen. Her er det vi i banken spør etter når du søkjer lån til bustad.