1. Reis trygt verda rundt. Eika sine reiseforsikringar gjeld både ferie- og jobbreiser på inntil 60 dagar – uansett kvar du er på tur.

  2. Ver forsikra utanfor din eigen dørstokk. Visste du at reiseforsikringa gjeld så fort du går ut døra heime? Det inneber at du er dekt dersom nokon skulle stele sekken din på lokalbussen.

  3. Ikkje lat uventa hendingar øydeleggja ferien. Det er ergerleg dersom nokon stel lommeboka di på restaurant eller du vrikkar foten på fjelltur. Heldigvis dekkjer reiseforsikringa både dei tapte pengane og turen til legevakta.

  4. Få pengane tilbake viss du må avbestilla turen. Blir du eller nokon i den nærmaste familien ramma av akutt sjukdom, kan du avbestilla turen og få pengane tilbake. Alt du treng å gjere er å skaffa legeattest.

  5. Åleine ved bagasjebandet? Null problem. Det er berre å handla inn det du måtte trenge av nødvendige toalettartiklar, undertøy og klede. Forsikringa dekkjer heldigvis forseinka reisegods ved utreise.

Er du usikker på kva forsikringar du treng?

Kontakt oss – vi hjelper deg gjerne.

Psst! Er du glad i fart og spenning, er Reise Pluss forsikringa for deg.

Forsikringa dekkjer aktivitetar som fjellklatring og downhill på sykkel – over heile verda. Forsikringa har dessutan uavgrensa avbestillingsforsikring og dekkjer reisegods inntil 500 000 kroner. Derfor er ho òg perfekt for deg som reiser på tur med heile familien.

Sjekk pris og bestill reiseforsikring her