Vi vil at det skal vera så enkelt som mogleg for deg å vera trygg. Derfor har vi satt saman ein forsikringspakke som dekkjer dine grunnleggande behov for tryggleik.

 

Dine viktigaste forsikringar samla
Eika Pluss består av:

  • Innbuforsikring
  • Reiseforsikring
  • Helseforsikring
  • Ulykkesforsikring
  • Verdigjenstandforsikring
  • Onlineforsikring

Med fleire forsikringar i ein og same pakke sikrar du deg og ditt dersom uhellet skulle vera ute.

Eika Pluss gir deg blant anna vår beste innbuforsikring med uavgrensa forsikringssum og forsikring av uspesifiserte verdigjenstandar med inntil 30 000 kroner.

Tryggleik uansett kvar du er i livet
Uansett om du er nyetablert, har stifta familie eller har kome litt lengre i livet vil Eika Pluss dekkje dine grunnleggande forsikringsbehov. Har du barn er barna inkludert i dine forsikringar inntil fylte 20 år, med unntak av helseforsikringen.

Følgjer ditt livslaup 
Eika Pluss følgjer deg og ditt livslaup. Du slepp å følgje med på forsikringssummar etter kvart som familien veks eller verdiane i heimen din aukar. Du treng faktisk ikkje å oppdatera forsikringssummen for innbuet ditt ettersom innbuforsikringa i Eika Pluss-pakken gir deg uavgrensa forsikringssum.

Godt sikra – heime, borte og på nett
Visste du at reiseforsikringa di gjeld med ein gong du går ut døra heime? Og at helseforsikringa får deg kjapt til behandling utan lange ventetider?

Det er ingen grunn til bekymring om uhellet skulle vera ute – verken heime eller på tur. Ulykkesforsikring gir deg økonomisk tryggleik dersom du skulle bli utsett for ei ulykke.

I tillegg gir Eika Pluss deg ein sikrare kvardag på nett med onlineforsikring som reduserer risikoen ved nettkriminalitet som netthandel, nettmobbing og dataangrep.