Over 1,7 millionar nordmenn har opplevt nestenulukker på grunn av manglande refleksbruk. Marginane er altfor små frå ei nestenulukke til ei alvorleg ulukke.

Sekunda tel

Går du utan refleks vil ein bil i 50 km/t. berre ha 2 sekund på å sjå deg i mørket. Bruker du refleks har derimot bilisten 10 sekund til rådvelde.

45 prosent av nordmenn bruker refleks

Kvar vinter utfører Trygg Trafikk fysiske teljingar over heile landet for å finne ut kor mange som faktisk bruker refleks. Teljingane viser at det berre er 45 prosent av oss som bruker refleks. Dårlegast er vaksne i alderen 30 år + og menn. Barna er flinkast.

Slik bruker du refleksen riktig

Følg desse gode råda frå Trygg Trafikk, så du blir godt synleg i mørkt:

  1. Fest refleksen på alle jakker og bagger.
  2. Bruk refleks som beveger seg når du går, dei er mest synlege i trafikken.
  3. Heng refleksen i knehøgde.
  4. Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar.
  5. Sjekk at refleksen ikkje er veldig ripet – då verkar den dårlegare.