Meldinga di blir send til rett person i banken

Når du sender ei melding, vil ho gå direkte til ein kompetent rådgjevar som vil gjere alt for å hjelpe deg på beste måte. Sjølv om dette ikkje er ei rask chatteløysing, vil du få svar i løpet av 1–2 arbeidsdagar.

Tilpassa personleg oppfølging og rådgjeving

Ein annan fordel med meldingstenesta vår i mobilbanken er at saka blir knytt til deg som person. Dette vil seie at du kan få personleg oppfølging og rådgjeving som er tilpassa dine behov. Og sidan dette er ein trygg kanal, kan du vere sikker på at ingen informasjon vil kome på avvegar. Du vil også få eit varsel i mobilbanken når det ligg eit svar til deg, slik at du ser når du får svar tilbake.

Oppdag ein smartare måte å kommunisere med oss på – bruk den sikre meldingstenesta i mobilbanken neste gong du har behov for råd eller hjelp frå ein av rådgjevarane våre, som er klare til å hjelpe deg!

 

Du vil få eit varsel i mobilbanken, slik at du veit når vi har svart på meldinga di.