Har du betalt minimum 50 % av reisa sine utgifter til transport og /eller overnatting med kredittkortet har du automatisk reise- og avbestillingsforsikring inkludert også for reiser i Noreg. Den inkluderte reiseforsikringa dekkjer blant annan legemeldt sjukdom ved avreise. Legg merke til at spesielle vilkår gjeld for deg over 75 år. Er du i denne aldersgruppa bør du ta ein titt på forsikringsvilkåra.

Må du melde ein skade kan du enkelt levera skademeldinga på nett.

1. Sjukdom, tjuveri eller forseinkingar i ferien

Reise- og avbestillingsforsikringa dekkjer tapet ditt om du blir sjuk eller fråstolen verdisaker i ferien. Den gjeld også ved forseinkingar i samband med flyreiser.

2. Gyldigheit
Reiseforsikringa gjeld ferie og tenestereiser inntil 90 dagar. Vær oppmerksam på at dersom reisa varar over 90 dagar, er ingen del av reisa dekte under forsikringa. Heilårs reiseforsikring har vanlegvis avgrensa tid, som regel inntil 45 dagar per reise.

Reiseforsikringa er berre gyldig dersom du har betalt minst 50 % av kostnadene til reisa til transport og/eller overnatting for alle sikra med kortet, før ein skade hender.

3. Reiseforsikringa gjeld ikkje
• I heimen, på arbeidsstaden eller på skulen.
• På reiser mellom bustad og arbeid/skule.
• På dagsreiser i kommunen der sikra bur, arbeider eller går på skule.
• Turar utover 90 dagar.  
• Dersom det ikkje blir nytta fly, må du overnatte minimum eitt døgn utanfor heim/arbeidskommune.
• Ved bilferiar anbefaler vi generelt at ein teiknar tilleggsforsikring, fordi det i mange tilfelle vil vere praktisk vanskeleg å dokumentere at kravet til gyldig dekning er oppfylt.

4. Avgrensingar
Ei forsikring vil som regel ha fleire unnatak og avgrensingar. Det er derfor viktig å setje seg inn i dekningsomfanget. For eksempel er erstatninga for kontantar avgrensa til kr 3.000.

Verdigjenstandar / tjuveriutsette gjenstandar og enkeltgjenstandar vil aldri kunne erstattast med meir enn kr 7.500 pr. skadetilfelle for kredittkort. Det bør derfor teiknast spesialforsikring for kostbart sportsutstyr, smykkar, kamerautstyr m.m.

Vidare vil det ved utøving av enkelte ekstremsportar vere unnatak, pkt. 5.6.7 under reisesykje og 9.2.7 under reiseulukke - Les elles forsikringsvilkåra.

5. Fleire reiseforsikringar
Dersom anna forsikring ikkje dekkjer fullt ut, kjem denne i tillegg. MEN du får for eksempel ikkje utbetalt erstatning for eit kamera hos to forsikringsselskap.

Det vil bli oppfatta som svindel å ikkje informere om at erstatningskrav er sendt inn til eit anna forsikringsselskap. Det er også vanleg at tilfelle av dobbeltforsikring blir utlikna forsikringsselskapa imellom.

6. Eigendel ved skade eller uhell
Eigendelen er kr 500, med unnatak for forseinking og invaliditet/dødsfall. Ved behandlingsutgifter i Noreg etter ulukkesskade er eigendelen kr 1.000.

7. Avbestilling
Dersom du blir forhindra frå å gjennomføre reisa på grunn av akutt sjukdom, ulukkeskade eller dødsfall anten det rammar deg sjølv, den du skal reise saman med (einaste medreisande) eller din nærmaste familie (busett i Norden) får du dekte annulleringskostnader med frådrag av eigendel på kr 500.

8. Bagasjeforseinking
Når ekspedert bagasje er seinka meir enn 4 timar blir utgifter erstatta til nødvendige klede, toalettsaker etc. med inntil kr 2.000 pr. skadetilfelle i henhold til kvitteringar. Forseinkinga må vere stadfesta av transportør.

9. Forseinka fly
Ved forseinking grunna vêrforhold, teknisk feil eller trafikkuhell med det transportmiddelet sikra reiser med, erstattar forsikringsselskapet innhenting av reiseruta med inntil kr 20.000 pr. skadetilfelle. Overnatting blir dekt med inntil kr 10.000 pr. skadetilfelle. Forseinkinga må dokumenterast.

Når rutefly, charterfly er forseinka med meir enn 8 timar ved ut- eller heimreise erstattar forsikringsselskapet kr 500 pr. påbegynte døgn, maks. kr 2.000 pr. person og kr 4.000 pr. skadetilfelle.

10. Utgifter til lækje/medisinar
Dei fleste lækjer og legesenter på dei ulike destinasjonane er kjende med SOS International A/S og fakturer dei større utgiftene direkte til forsikringsselskapet. Mindre og overkomelege utgifter bør betalast av sikra på staden.

Desse utlegga vil bli refunderte etter at forsikringsselskapet har motteke kvitteringar for utlegg. Du må ha dokumentasjon som stadfestar at minst 50 % av reisa sine kostnader til transport og/eller overnatting for alle sikra er betalt med kredittkort frå Eika Kredittbank.