Det er rimelegare å fylla opp kjøleskapet på laurdagar anten du vel å handla hos daglegvarebutikken på hjørnet eller bestilla varene på nett. Du får nemleg 2 % fast rabatt på all daglegvarehandel kvar LAURDAG når du betaler med ditt Eika Kredittkort.

Det føreset at du er påmeld i fordelsprogrammet vårt, påmeldinga finn du i mobil- og nettbanken. Rabatten gjeld også dersom du er i utlandet.
 
Slik får du rabatten
1. Meldt deg inn i rabattprogrammet

2. Ta daglegvarehandelen LAURDAGAR  og betal med ditt Eika Kredittkort. Rabatten får du i norske og utanlandske butikkar registrert med følgjande bransjekodar:  

5411 - Dagligvare 
5499 - Diverse matbutikkar 

Psst! Bestilling av ulike matkassar gir ikkje rabatt. Det same gjeld dersom du ikkje er påmeld i rabattprogrammet, veljar å handla ein annan dag i løpet av veka eller betaler med Eika Ansatt eller Eika Bedrift. 
 
Det viktige med den vesle skrifta 
Alle brukarstader er registrerte med ein bransjekode i Visa nettverket sitt. Dette for å gjera tydeleg kva kategori brukarstaden tilhøyrer. Vi står ikkje ansvarleg for eventuelle feilregistreringar som fører til utevorten rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar. 
Du kan maksimalt opptena kr 500 i rabatt per månad, og kr 2.500 per år. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året. 
 
Når blir rabatten utbetalt? 
Rabatten blir utbetalt automatisk til ditt Eika Kredittkort månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversyna i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din, så får du vita kva du har spart. Hugs at det alltid lønner seg å betala heile fakturaen ved forfall. 
 
Enno ikkje fått kredittkort frå oss? 
Det er ikkje for seint å søka og få gode rabattar i tida framover.