Uansett om du har tenkt å besøke dei lokale forhandlarane dine eller handle med kaffikoppen i handa frå sofakroken, er det viktig at du planlegg godt. Då slepp du unødvendig stress og får meir tid til julekos med dei du er glad i.

Vi kan dessverre ikkje få unna julestria for deg, men vi kan gi deg nokre gode tips som vil gjere julehandelen enklare og tryggare, slik at du kan senka skuldrane og nyta førjulstida.


  1. Ikkje vent med julehandelen til desember – byrja allereie no og få unna det meste av julegåver i god tid før julestria set inn for fullt. Skal du handle på nett, er det mange gode tilbod akkurat no med Black Week, Black Friday og Cyber Monday i vente. Får du tidleg julepakkene i hus kan du hygge deg i heile desember. Du kan også spare pengar ved å slå til på gode tilbod.


  2. Kjøp julegåvene lokalt og støtt nærmiljøet. Unngå å handle på dei travlegaste tidspunkta og vel rolegare handleturar med mindre menneske til stades. Det gjer julehandelen mindre stressande og gir større rom for hyggelege samtalar med dei butikktilsette på trygg avstand. 

    Både kredittkortet og bankkortet ditt er kontaktløse så du slepp å taste PIN når du handlar for under 500 kr.

    Det same gjeld om du har ei smartklokke frå Fitbit, Garmin eller har aktivert korta i Google Pay. Betal med eit pip uavhengig av beløpsstorleik og kos deg på handleturen.

    Vil du ikkje gå i butikken, spør om heimelevering eller moglegheit for å bestille på nett. Stadig fleire lokale forhandlarar vel no å strekka seg langt på denne fronten for å tilby kundane gode lokalvarer til jul. 


  3. For deg som har tenkt å fylla opp handlekurven digitalt, er det no endå enklare å sjekke ut. Kredittkortet har vorte digitalisert, slik at du kan hente kortinformasjonen din med eit par tastetrykk, framfor å leite etter lommeboka. Mindre tid til formalitetar meir tid til hygge.

    Og husk, skal du handle på nett – bruk kredittkortet! Då er du i trygge hender dersom julegåvene skulle bli borte eller den kostbare veska du bestiller til mor viser seg å være «fake».  

    Du får òg større handlefriheit og ei kostnadsfri betalingsutsetjing på inntil 45 dagar. Då kan du handle no og betale i desember med godt samvit. Sist, men ikkje minst bruk sunn fornuft og godt nettvit når du handlar frå sofakroken. Sjekk tryggingstipsa våre til ein trygg netthandel så slepper du ubehagelege overraskingar.

    Vi ynskjer deg og dine ei hyggeleg førjulstid!