I ein hektisk kvardag er det mange ting å tenkje på, men med gode digitale bankløysingar treng ikkje kvardagsøkonomi å ta opp mykje av tida di.

  1. Bruk eFaktura og AvtaleGiro

    Tips nummer éin er å automatisere det som automatiserast kan. Til faste rekningar som studielån, husleige og treningssenter er det lurt å bruke AvtaleGiro og eFaktura. Då slepp du å leggje inn beløp, kontonummer og lange KID-nummer. 

    AvtaleGiro treng du berre å setje opp éin gong. Då sørgjer banken for at rekninga blir betalt i tide, og du slepp å registrere betalinga. eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som blir send til nettbanken, og han blir ikkje belasta kontoen din før du stadfestar rekninga.

    Eit tips er å setje opp ei påminning på telefonen dagen før du skal betale større rekningar, slik at du veit at du har dekning på kontoen. Du kan også setje opp ein eigen konto for rekningar.

    Her kan du lese meir om AvtaleGiro og eFaktura

  2. Set opp ulike kontoar til ulike føremål 

    Å ha fleire kontoar gjev deg betre kontroll og kan brukast til å halde styr på budsjettet ditt, dersom du har eti (og det veit du nok at det er smart å ha!). Brukskontoen din er gjerne den du får løn eller studielån på, som du brukar i det daglege. Bruk éin konto til daglegdagse utgifter, eventuelt to dersom du har ein felleskonto eller eigen matkonto – då har du betre kontroll. 

    Å ha ein eigen konto til rekningar er viktig for kvardagsflyten. Då kan du rekne ut kva for utgifter som kjem denne månaden, og setje av summen på ein eigen konto, og du kan setje opp dei faste rekningane slik at dei blir belasta denne kontoen. 

    Du kan også ha ulike sparekontoar til ulike føremål, til dømes BSU, buffer, ferie, ny vinterjakke eller julegåver. Gje gjerne kontoane namn, slik at det ikkje er nokon tvil om kva for ein konto som skal brukast til kva, og unngå å «låne» frå kontoane. Då er det lett å ikkje betale tilbake.

  3. La sparinga gå av seg sjølv 

    Set opp fast sparing som blir overført automatisk til éin eller fleire sparekontoar når du får løn eller studielån. 

  4. Bruk mobilbanken når du er på farten – og heime 

    Vi har alle opplevd å vere nestemann i kassen på butikken og kjent sveitten perle i panna fordi vi kanskje ikkje har dekning på kortet. Med mobilbanken vår kan du kjapt overføre pengar mellom kontoane dine – forhåpentleg før det blir din tur i køen. 

    I mobilbanken kan du sjå alle kontoar, kredittkort, forsikringar, sparing og lån, slik at du alltid har full oversikt.

    Her kan du laste ned mobilbanken

    Visste du at du har eit digitalt kort i mobilbanken? Det er ein digital versjon av kortet ditt som du kan bruke når du ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg. Til dømes når du ligg på sofaen og lommeboka i gangen kjennest litt for langt unna. 
  5. Snakk med rådgjevaren din om kvardagsøkonomi

    Rådgjevaren kan hjelpe deg med å få oversikt over kvardagsøkonomien din, heilt gratis. Sørg for at løna eller studielånet går inn på ein konto hos oss, så er det lettare for både deg og rådgjevaren å sjå totalbiletet. Vi kan sjølvsagt også gje råd og tips rundt bustadlån, forsikringar og sparing. Det løner seg nemleg å samle alt på éin stad med banken som kjenner deg best, så spør gjerne rådgjevaren din om gode løysingar.

    Hos oss får du gode digitale løysingar som spelar på ditt lag i kvardagen mellom eksamenar, deltidsjobb, vener og fritidsaktivitetar. Start tidleg med å få oversikt og kontroll over økonomien din – det er ein god vane som skaper kvardagsflyt og lèt deg bruke tida di på ting som er viktige for deg!