Slik er pengane dine tryggast

  • Ta både bank- og kredittkort med på reisa, men oppbevar dei gjerne på ulike stader. Dersom lommeboka skulle bli borte, har du heldigvis eit anna kort på ein trygg stad.
  • Det er trygt å bruke bankkort, men det er smart å ikkje ha alle sparepengane på denne kortkontoen. Ha eventuelt litt i reserve her og resten på ein annan konto. Så kan du flytte over pengar til kortkontoen ved behov.
  • Ikkje ta ut meir kontantar enn nødvendig! Utbreiinga av digitale betalingsløysingar i butikkar og restaurantar aukar stadig. Nokre setlar i bakhand kan vere greitt, men det er ikkje lenger like nødvendig å bere med seg mykje kontantar, slik som før i tida.
  • Dersom lommeboka skulle bli borte, er det kjekt å ikke miste store mengder kontantar, eller i verste fall begge korta i tillegg. Ikkje ta med alle korta dine på shopping eller restaurant, og med litt kontantar og eit kort i hotellsafen er du rusta for ein fin ferie vidare.
  • Ikkje la butikktilsette eller servitørar ta med seg kortet ut av syne. Ta vare på kvitteringar, slik at du kan kontrollere at rett beløp har blitt trekt frå kontoen eller kredittkortet.
  • Sjekk at beløpet i betalingsautomaten stemmer med beløpet som står på kassen, før du godkjenner betalinga.
  • Ta med både mobilbank og BankID på turen, både i inn- og utland, så får du full oversikt over pengebruken. Skulle uhellet vere ute, kan du sperre kort raskt sjølv – anten mellombels om det berre er forlagt, eller permanent dersom du må bestille nytt. Vi er der for deg om uhellet er ute, og du når oss alltid på døgnopen linje på +47 915 03 850. Lagre gjerne dette telefonnummeret på mobilen.
  • Hugs at du alltid finn ei digital utgåve av korta dine i nett- og mobilbanken.
  • Lær deg PIN-koden på korta dine, og bruk gjerne ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk for enkel, rask og sikker innlogging i mobilbank. Hugs å skjule PIN-koden for andre når du tastar han inn i minibank eller på betalingsterminalen.
  • Dersom utløpsdatoen på kortet er medan du er på reise, rår vi deg til at du bestiller nytt kort slik at du har det i tide. Det kan ta éi til to veker frå bestilling, litt avhengig av kor ofte det blir distribuert post til den folkeregistrerte adressa di.
  • Hugs å sjekke regionsperre på kortet ditt. Det gjer du enkelt i nett- eller mobilbank. Slik sikrar du at kortet ditt fungerer der du skal.
«Tek du ut kontantar eller betalar du med kort i utlandet, er det mest lønsamt å velje lokal valuta, ikkje norske kroner. Då får du best valutakurs.» Sverre Skagestad, fagsjef for kort og betaling i Eika Gruppen. 

 Slik får du mest for pengane

  • Ikkje ta ut store kontantbeløp i Noreg før ein eventuell utanlandstur. Dersom du treng kontantar, er det alltid lurt å vente til du kjem til landet du skal opphalde deg i, for å oppnå den beste vekslingskursen og lågast mogleg gebyr. Bruk helst minibankar med tydeleg Visa- eller Mastercard-logo og ikkje tilfeldige vekslingskontor. Unngå «hjelpsame» uvedkomande når du tek ut pengar frå minibank. Med kredittkort frå oss tek vi ikkje gebyr ved uttak frå minibank i utlandet.
  • Tek du ut kontantar eller betalar med kort i utlandet, er det mest lønsamt å velje lokal valuta, ikkje norske kroner. Då får du best valutakurs.
  • Skal du bestille reise? Du får reiseforsikring inkludert om du betalar meir enn 50 prosent av reisa med kredittkortet.
  • Treng du leigebil eller hotell? Då er det fine fordelar ved å velje kredittkortet. Du finn gode prisar på portalane våre, Eikaleiebil.no og Eikahoteller.no.
  • Hotell og bilutleigaren vil be om eit depositum. Dersom du brukar kredittkortet til dette, unngår du at pengane du har på kontoen din, blir reserverte, og du kan fritt disponere eigne midlar.
  • Kredittkortet frå oss gjev deg mange fordelar, anten du er på reise, handlar på nettet eller er ute for noko uføresett. Det er rett og slett gull å ha i lommeboka eller reiseveska. Se priser og søk om kredittkort her.
Tips! Dersom du har Android-telefon, kan du leggje inn både kredittkortet og debetkortet ditt i Google Pay og betale kontaktlaust – også mange stader utanlands. 

Sjekkliste for turen (samandrag)

  • Ta med bankkort og kredittkort, mobilbank og BankID. Sjekk utløpsdato på korta i god tid før du skal reise, slik at du eventuelt rekk å få med deg nye kort.
  • Må du ha kontantar, bør du ta dei ut på reisemålet, og vel lokal valuta. Oppbevar korta kvar for seg, og aldri saman med PIN-koden. La aldri nokon ta med seg kortet ditt, og sjekk beløpet på betalingsautomaten før du godkjenner betalinga. Her bør du også velje lokal valuta. Skjul PIN-koden når du tastar inn.
  • Pass på at depositum for hotell og leigebil blir reserverte på kredittkort og ikkje på debetkortet. Reisa bestiller du gjerne med kredittkort for å få nytte av den inkluderte reiseforsikringa. Sjekk også fleire fordelar – kredittkort frå oss er gull å ha. Hugs å betale fakturaen for kredittkort ved forfall.
  • Det er viktig å kunne legitimere seg; ha ein kopi av passet eller ID-kortet på papir eller på mobilen. Blir passet stole eller mista, gjer kopien det enklare hos det lokale politiet. God tur!

Kortsvindel

Veit du korleis du unngår kortsvindel? Lær kva du må følgje med på for å behalde pengane dine sjølv. Sjå video på YouTube