Innhald

Finansiering

Bedrifter forandrar seg - og det gjer finansieringsbehova også. Treng du byggelån eller næringslån, kreditt eller garantier? Vi er her for å hjelpe deg.

Kva slags finansiering treng du?

Eit byggelån er skreddarsydd for deg som skal bygge nytt eller gå i gang med omfattande rehabilitering. Lånet blir utbetalt i takt med utviklinga i prosjektet, og sikrar deg dermed tilgjengelege midlar i heile byggeperioden. 

Eit næringslån er for deg som skal investere i eigedom, maskiner eller produksjonsutstyr. 

Ein bankgaranti blir ofte brukt for å sikre avtaler mellom to partar. Han kan brukast ved betalingsavtaler, kontraktar eller lån.

Kassekreditt er tilpassa deg som har inntekter og utgifter som varierer i periodar. Slik finansierer du dei kortsiktige utgiftene for bedrifta i periodar der inntektene er mindre enn dei løpande utgiftene.

Ved leasing kjøper vi utstyret, og bedrifta di leiger det. Du slepp å ta pant i eigedom, og får lett tilgang til nyare utstyr.

Ta kontakt med oss, så finn vi den finansieringsforma som passar best for deg og di bedrift.