Utdatert nettleser
Denne nettsiden vil gi redusert funksjonalitet i denne nettleseren. Vi støtter de fleste nettlesere med de nyeste versjonene som Chrome, Firefox, Safari og Edge. Hvorfor trengs en oppdatert nettleser? Finn det ut her og last ned nyeste versjon
Leasing
Ved å leasa får du enkelt tilgang til nyare køyretøy og maskiner, samtidig som du frigjer driftskapital for bedrifta.
Derfor er leasing ein god idé
Ved leasing veljar du sjølv forhandlar og merke. Du held òg maskinparken din oppdatert og frigjer driftskapital til andre investeringar. Interessert? Vi tar gjerne ein prat med deg.
Du skal eige det som stig i verdi, og leige det som søkk i verdi
Svarer du ja på eitt av følgjande spørsmål bør du vurdere leasing: Ønskjer du å avskrive i takt med verdifallet? Ønskjer du å skifte ut utstyr etter enda kontraktsperiode, slik at du held deg oppgradert og reduserer nedetid? Ønskjer du bruksrett, men ikkje risikoen for verdifall? Då er leasing noko for deg!
Kvifor velje leasing?
Fleksibilitet
Ein leasingavtale bind ingen kredittrammer hos banken og du har moglegheit for utskiftning av utstyr i avtaleperioden.
Frigjer kapital
Frigjer kapital som kan brukast til andre investeringar med god avkastning.
Betre forholdstal i balansen
Betre forholdstal i balansen då leigeobjekta vanlegvis ikkje blir aktiverte i Regnskapet.
Betre kontantstraum
Betaling i takt med verdirealisering av objektet. Betre cash-flow og dermed betre nøkkeltal, når kostnader og inntekter blir samkøyrde.
Enkel budsjettering
Enkel budsjettering og rekneskapsføring, då leia er kjend i heile leigeperioden og blir utgiftsført i sin helhet.
Inga forskotering av meirverdiavgift
Inga forskotering av meirverdiavgift på anskaffelsestidspunktet.
Kva kan leasingfinansieres?
Det meste av både brukt og nytt utstyr kan leasing finansierast. Dette sikrar moderne utstyr til einkvar tid, samtidig som det frigjer kapital til andre formål.
Her kjem nokre eksempel:
Lastebilar, biler, anleggsmaskiner, landbruksmaskiner, transportutstyr, produksjonsmaskiner, IKT-utstyr, m.m. Er du usikker, spør oss! Vi hjelper deg gjerne.