Helga 30. juni - 2. juli blei Tysnes Sparebank Cup avholdt for 21. året på rad, arrangert av Njardar / Tysnes I.L. I tradisjonens tru blei kampane spelt på Reiso med påfølgande cupfest på Mandelhuset. Omkring 300 spelarar var i aksjon, dei aller fleste voldsomt opplagt på lørdagen, og litt mindre opplagt på søndagen. Om lag 75 kampar blei gjennomført på gras- og kunstgrasbanen, losa trygt gjennom av ordførar Kåre Martin Kleppe som speaker. Med nydelig vær var scenen satt for ei nydelig fotballhelg!

Nytt av året var at det bei stilt stand med salg av sportsutstyr og klær. I tillegg kunne dei yngste kose seg i hoppeslott eller på ballongshow, og det var sjølvsagt kiosksalg med sal av popcorn og sukkerspinn.

Me gratulerer Boca Juniors som vinnarar av klasse 1, Gymmen som vinnarar av klasse 2 og Frittgåande mus som vinnarar av klasse 5. Og ikkje minst til Njardar / Tysnes I.L. for eit fantastisk fotballarrangement!