Er pengar i ferd med å bli eit abstrakt omgrep for dei som veks opp i ei verda utan kontantar?
Til ein viss grad, meiner Beathe Berntsen, marknadssjef i Eika Kredittbank som leverer alle kortløysingar for Lokalbanken.

- Før fekk vi lommepengar i form av myntar og sedlar. Dei brukte vi til å kjøpe oss noko godt på butikken, og fekk veksel tilbake. På den måten blei verdien av pengar noko enkelt og konkret å forhalde seg til, seier Berntsen.

Ho trur det er mogeleg også for dagens unge å lære seg verdien av kroner og øre, men at det no krev meir av foreldra.
 
- I dag betaler vi med kort, mobilen eller på nett. Dette er arenaer kor barn ikkje har tilgang, og dermed lærer dei seg heller ikkje korleis ting fungerer. Det er viktig at foreldre tek «pengepraten» med barna, og lèt dei kome i gong med kortbetaling i tryggje omgivnader, forklarer ho.

Juniorkort og VISA Electron
Lokalbanken tilbyr to bankkort for barn og unge. Juniorkortet for dei under 13 år, og VISA Electron for dei mellom 13 og 18.

- Desse korta fungerer på same måte som vanlege bankkort, men har sikkerheitselementar som gjer det tryggare for barn å bruke dei. Korta kan brukast i butikk og minibank, men ikkje til netthandel. Det er heller ikkje bilete og fødselsnummer på korta, forklarer ho.

Juniorkortet – det trygge kortet for barn under 13 år

Visa Electron – for barn over 13 år

Bruk mobilbanken
Med bankkorta følgjer også tilgang til mobilbank, ein nyttig funksjon med tanke på læring.

- I mobilbanken får barna ei oversikt over kva dei har brukt pengar på, og kor mykje som er igjen på konto. Dermed ser dei korleis pengar går inn og ut, og får eit forhold til pengane sine, seier Berntsen, og trekkjer fram eit par ekstra fordeler:

- Samtidig får du som forelder full oversikt over kortbruken til barnet, og ikkje minst mindre behov for kontantar.

Les også: Mobilen er den nye lommeboka

Lærer seg økonomisk ansvar
Marknadssjefen meiner det er viktig at foreldre snakkar med barna om kort- og pengebruk for at barna skal lære seg grunnleggjande økonomisk meistring.

- Det gir barna ei sunn plattform til seinare i livet, og kan blant anna forhindre at dei utviklar gjeldsproblem. Snakk om kostnader ved kortbruk, kva pengane kan brukast til, og kva ein skal gjer om ein mister kortet. Og innfør lommepengeordning med arbeidsoppgåver allereie i tidleg skulealder. Då lærer barna at pengar ikkje kjem av seg sjølv, forklarer Berntsen.

Dei vaksnes ansvar
Berntsen understrekar at det til sjuande og sist vil vere foreldra sitt ansvar å sørgje for at barna lærer seg godt «kortvett».

- Når du vel å gi barnet ditt eit bankkort, må du også sørgje for at dei lærer verdien av det. Dette krev øving, seier ho og utdjupar:

  - Logg de inn i nettbanken saman. Vis barnet saldoen på kontoen, og korleis dette kan brukast i butikken ved å hugse PIN-koden. Det er viktig at du er med barnet dei første gongene ho eller han skal bruke det, understrekar Berntsen.

7 tips til deg som har barn med bankkort:

  • Forklar barnet at kortet er privat og må oppbevarast trygt og sikkert.
  • Vis barnet korleis ein kan sjekke saldoen, og forklar at kortet ikkje er utømmeleg.
  • PIN-koden må lærast utanåt, og skal ikkje skrivast ned på huskelappear.
  • PIN-koden er personleg og må ikkje røpast for nokon.
  • Vis barnet korleis ein betaler med kort og tek ut pengar i minibank. Det er viktig at barnet lærer å skjule PIN-koden ved inntasting.
  • Ta vare på kvitteringar og kontroller desse mot kontoen.
  • Opprett eigen sparekonto som du styrer, slik at ikkje alle pengane går inn på brukskontoen til barnet.