Anita Krohn Traaseth, som jobbar for innovasjonsrådet til EU (EIC) og er tidlegare direktør i Innovasjon Norge, har 10 gode råd til deg som er småbedriftsleiar og synest situasjonen er vanskeleg:
  1. Du må ikkje fiksa alt åleine. Ver tett på kollegaer og andre som kan hjelpa til på område du og bedrifta kanskje ikkje har kjernekompetanse eller har tilsette i. Det er mange kanondyktige folk og bedrifter som legg ut gratis tips og råd no på nett, alt frå korleis du skal gjennomføra permitteringar til korleis du kan styra økonomien.
  2. Hugs òg: Du kan alltid gå til oss i banken for gode råd. Rådgivarane våre bidreg gjerne som støttespelar og sparringspartnar.

  1. Etabler eit kjerneteam. Ver tydeleg på kven som gjer kva. Fordel oppgåvene og ansvaret, og ha ein dagleg debrief. Om du ikkje har mange å spela på: Ta ein prat med den lokale næringsforeininga di. Dei jobbar med å fremja interessene til deg som lokal bedrift.    
    - Jeg håper så mange som mulig av bedriftskundene til lokalbankene klarer seg gjennom krisen. Det er nettopp små og mellomstore bedrifter norsk næringsliv består av, og for lokalsamfunn over hele landet er de så himla viktige, sier Anita Krohn Traaseth.  
  1. Skaff deg ei så god oversikt over økonomien som mogleg.
    1. Kva har de av kontantar og eventuell kassakreditt? Kor lenge kan de driva basert på dette?
    2. Kva har de av uteståande fordringar og kor sannsynleg er det å inndriva desse no? I desse tider må ein vera proaktiv og purra, eventuelt tilby betalingsordningar. Set derfor av tid og ring kvar einskild som skuldar dykk pengar.
    3. Korleis ser den framtidige innteninga ut? (har de mista alle salsinntekter, eller det nokon kundar som vil halda fram med bestillingane sine? Ring nøkkelkundane dine!)
    4. Korleis ser kostnadsbiletet ut? Kva er dei faste og variable kostnadene? Kva for tiltak kan de gjera for å redusera begge kategoriane? Dei fleste har lønn som den største kostnaden, rekn på korleis permitteringar vil sjå ut for bedrifta di. Hugs at aktivitet vil krevja folk og at du ber dei tilsette om å vera fleksible.
  1. Lag tre scenario for å justera drifta. Best case (låg risiko), Worst case (høg risiko), Most likely (mest realistisk). Slik førebur du deg godt på ulike situasjonar før dei eventuelt skjer. Greier du å liggja litt føre her, kjem stressnivået til å gå monaleg ned. Då er du førebudd uansett korleis vinden blæs.
  1. Ta kontakt med dei du skuldar pengar. Diskuter kva som er mogleg å gjera når du har fått oversikt over økonomien. Mange er meir mottakelege for utsetjingar, og banken kan gi råd på kva for kostnader du kan redusera. Finn òg ut kva for krav du har med tanke på hjelpepakkar frå myndigheitene.
  1. Lag ein tre-dagars milestolpeplan. Set opp tydelege milestolpar for kvar dag. Kva du og kjerneteamet skal gjera, kven du skal ringja, kva du skal kommunisera til kven i kva for kanalar.

  Anita Krohn Traaseth. Fotograf: Agnete Brun
  1. Bruk videokommunikasjon dagleg med oppdatering til dei tilsette. Når ting er usikkert, treng folk oftare oppdateringar – og dei må sjå deg. Rein epost-leiing tilrår eg ikkje i desse tider. Sjølv om du ikkje har klare svar, så ver open om det og fortel kva de jobbar med. Ver heilt ærleg. Dette er ikkje den rette tida for å selja inn urealistiske scenario eller enno verre, visa så liten energi at alle lurer på om du er i ferd med å gi opp. Ver til stades i samtalen, ikkje sjekk epost og driv med alt anna samstundes, ta heller kortare videomøte for å halda på konsentrasjon og effektivitet.    
  1. Ikkje gløym kundane og omverda. Viss du ser at det er mogleg for bedrifta di å overleva dette, skal du framleis vera synleg i ulike kanalar med relevante bodskap og bidrag. Det å dela erfaringar, korleis de navigerer, korleis de tilpassar dykk situasjonen og går føre med å følgja krava frå styresmaktene, kan i seg sjølv gjera dykk svært truverdige og minna kundane på at de finst, sjølv om de har reduserte tilbod. Det er framleis mange bedrifter som sel varene og tenestene sine no.    
  1. Set av tid til å kvila. Du skal ha ekstra energi når dei fleste mistar han litt, og det kan vera krevjande å finna den energien. Hovudet må ha kvile. Og om du har tid, skriv ned, dokumenter denne perioden i bedrifta sitt liv. Dei færraste leiarutdanningane lærer deg praktisk leiararbeid med å takla unntakstilstandar som dette. Ofte er ein trent opp i krisekommunikasjon. Ta vare på denne erfaringa, ho kjem godt med uansett utfall, og del av ho undervegs om det passar profilen til bedrifta di.

    - Det er surrealistiske og krevende tider nå, men det er mulig å komme seg gjennom og ikke miste håpet om en lysere fremtid, sier Anita Krohn Traaseth  


  1. Ikkje gløym å bidra til god stemning og lått. Midt i alvoret må du ikkje gløyma at det er lov å le av og til. Del festlege situasjonar frå heimekontoret, inviter på ein virtuell fredagspils, del middagsoppskrifter og moglege aktivitetar for heile familien for å få opp stemninga når det passar seg. Det høyrest kleint ut, men no er det viktig at ein ikkje berre er den superproffe og litt utilnærmelege leiaren som berre administrerer oppgåver.