Visste du at du kan betale med Vipps i stadig fleire butikkar i nærmiljøet? 
Legg du fleire kort inn i Vipps, kan du enkelt velje kva for eit kort du betalar med når du handlar. Uansett kva for eit kort du betalar med, har du dei alltid tilgjengeleg. Du kan leggje inn fem kort i Vipps-profilen din og velje eitt favorittkort som du ønskjer å betale med. 

Slik legg du til eit nytt kort eller konto:

1  Vel profil.
2  Vel «Kontoar og kort».
3  Trykk på «Legg til kort».
4  Fyll inn kortnummer, utløpsdato og tryggleikskode.
5  Trykk på «Legg til kort».

Byt mellom korta
Du vel sjølv kva for eit kort du vil betale med blant dei du har lagt inn i Vipps. Trykk på «Endre» for å velje eit anna kort når du skal betale. Dersom du ikkje vel, vippsar du frå det kortet du har merkt som favorittkort. Enkelt og greitt!
Betalar du med Vipps, får du sjølvsagt alle rabattar og fordelar du elles ville fått med korta dine. 

Tips til ein berekraftig julehandel

  • Handle lokalt. Enkelt for deg og bra for lokalsamfunnet.
  • Kjøp gjerne brukte julegåver frå Finn.no, Fretex eller Tise – bra for miljøet og lommeboka.
  • Tenk gjennom kva du treng, sjølv om det er mange gode tilbod. Lag gjerne ei handleliste, så blir det enklare å halde seg til akkurat det du treng.
  • Kjøp ei oppleving eller eit gåvekort på restaurantbesøk – miljøvenleg og sosialt.