Tysnes Sparebank med solid halvårsresultat
Tysnes Sparebank legg i dag fram halvårsresultat for 2017. Resultat før tap og skatt er på 10 mill. kr. – noko som er om lag 1 mill. kr. betre enn same tid i 2016. Kostnadene med dei nye kontora som er etablert er med i halvårsrekneskapet.

Ny Kontorstruktur
Banken har hovudkontor i Våge (Tysnes) og salskontor på Stord, Husnes og Lagunen. I tillegg er det etablert møteplassar i Odda og Rosendal. Den lokale tilstedeværelsen i bygder og byar rundt om i Sunnhordland er noko både privat- og bedriftskundar set pris på. Auken i antal kundar det siste året er ei god stadfesting av dette. Det er berre kontoret i Våge som tilbyr kontantar og skranketeneste.

Stor auke i innskot og utlån
Banken har fått inn meir enn 100 millionar kroner i nye innskot det siste året. Utlånsveksten er på heile 26 %.

«Det er mange som ynskjer å verta kunde i vår lokale sparebank, det er vi svært nøgde med» uttaler banksjef Dag Sandstå i samband med pressemeldinga.

Einaste frittståande lokalbanken i Sunnhordland
Tysnes Sparebank er den einaste lokale banken som er frittståande og vert styrt av personar som kjenner lokalmiljøet og regionen. Dette er ein stor fordel i den konkurranseutsette banknæringa. Lokal kunnskap kombinert med moderne digitale løysingar er i medvind om dagen.

Forventar vekst i åra som kjem
Tysnes Sparebank har vorte meir enn dobbelt så stor dei siste åra. Størrelse på banken er viktig for å kunne oppretthalde dei lokale arbeidsplassane og sikre sjølvstende. Lokale investorar har kjøpt eigenkapitalbevis for om lag 75 millionar kroner dei siste åra, dette er avgjerande for å kunna veksa slik banken har gjort. Ei god avkastning på denne kapitalen gjer at banken også er eit attraktivt investeringsobjekt.

«Målet er at vi skal vera ein god lokalbank for personar og bedrifter i Sunnhordland og kommunane rundt Bjørnefjorden i åra som kjem. Vi er banken som er liten og lettbeint, og som finn gode løysingar på ulike økonomiske utfordringar som våre kundar måtte koma ut for» seier banksjefen.

Er det spørsmål i samband med pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes 9. august 2017

Tysnes Sparebank
Dag Sandstå
Banksjef