Vellukka etablering i Rosendal
Etter eit fullsatt dialogmøte med innbyggjarane i Rosendal den 12. oktober 2016 var det heilt klart at Tysnes Sparebank var både ynskja og velkomen i bygda. Interessa og responsen var av slik grad at banken starta prosessen med etablering av ein møteplass i Rosendal. Og sidan opninga 14. desember i fjor har pågangen av nye kundar vore stor. Møteplassen held opent kvar torsdag og allereie veka i forkant er kalenderen fullbooka. Dersom du ynskjer å møta oss i Rosendal tar du kontakt med eit av våre kontor.

Mange muligheiter med møteplass
Tysnes Sparebank sin visjon er at me skal gje kundande våre "verdas mest personlege bank", og ein møtestad gjev oss moglegheita til akkuratt dette. Etter avtale kan kundane koma innom lokalet vårt for blant anna å få rådgjevning, svar på spørsmål og hjelp til utfordringar. På denne måten er me lett tilgjengeleg både i møte direkte, via telefon eller digitale kanalar. Som kunde har du valfridom til å finna den forma som passar deg.

Tysnes Sparebank mot trenden
Der andre bankar legg ned har Tysnes Sparebank gått mot straumen og opna kontor og møteplass. Banken tok i 2015 steget ut av Tysnes kommune, først med etablering av kontor på Husnes, deretter med salskontor på Lagunen utanfor Bergen. Møteplassen i Rosendal er så langt siste tilskuddet på stamma, men banken har ingen planer om å stoppe her. Tysnes Sparebank ynskjer å vera tilstades i lokalsamfunna rundt om i regionen, og både i Odda, på Stord og i Bergen sentrum har banken konkrete planar!