Vi kan pynta leilegheita eller huset forskjellig og attskapa hyttekjensla sjølv om vi er heime. Det er ikkje mykje som skal til før stova blir forvandla til fjellstove og balkongen til afterski i solveggen.

Kreativiteten har ingen grenser, så her gjeld det å ta godt vare på påsketradisjonane og dei du er glad i sjølv i ein utfordrande situasjon.

Husk òg å ta ein telefon eller avtale eit møte på FaceTime eller Messenger med familie eller ven som du veit er åleine eller er einsame i denne tida. Avtal å eta lunsj eller ta ein kopp te eller kaffi saman – det er hyggeleg for alle.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss
Uansett kva du skal finna på, så er vi her for deg dersom du treng hjelp med noko. Kundesenteret held ope i heile påsken:

  • Skjærtorsdag 9. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • Langfredag 10. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • Påskeaftan 11. april: 09.00-17.00
  • 1. påskedag 12. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)
  • 2. påskedag 13. april: 09.00-17.00 (Forsikring stengt)

3 enkle påsketips frå oss 
Sjølv om påskeferien er ei tid for avslapping og rolegare tempo er det eit par ting du bør hugsa på. Vi har samla 3 gode tips til deg så tar du betre vare på deg sjølv og økonomien din.

1. Betal kredittkortrekningane i tide eller be om betalingsutsetjing dersom du treng det. Sjølv om det er påske må rekningane betalast slik at du slepper unødvendige omkostninger.

2. Skal du strøyma underhaldning, bestilla mat levert på døra eller handla andre nødvendigheter på nett – husk å bruka kredittkortet både når du handlar i nettbutikkar og i app. Då har du gode reklamasjonsrettar dersom noko skulle skje.

3. Hugs å ta små avbrekk frå påskekosen i solveggen og oppsøk naturen. Å vandra ut i frisk luft kostar deg ikkje noko og det er godt både for kropp og sjel. Ta godt vare på flokken din og nyt påskesolen saman med dei.

Raude kors har òg utarbeidd eit nytt sett med koronavitreglar for påsken – desse kan du lesa her.

God påske! #tavarepå påskekosen