Merkur Market – handelsplass for eigenkapitalbevis

Det er marknadsplassen Merkur Market banken vert notert på. Her er det allerede 3 andre bankar som er noterte.

 

«At banken er notert på Merkur Market under Oslo Børs er ein stor fordel både for banken og for eigarar av eigenkapitalbevis» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Banken har hatt 3 kapitalutvidingar og alle har vore ein stor suksess. Det har vore solid overteikning kvar gong. Ved siste kapitalutviding vart det om lag 10 millionar kroner i overteikning. Interessa for Tysnes Sparebank er stor blant investorar.

 

Styreleiar Leif Magne Hovland har vore styreformann og tillitsvalgt i banken i snart 20 år.

 

«Det er med stor glede vi når denne milepælen med børsnotering » seier ein nøgd styreleiar Leif Magne Hovland.

 

Dagen startar med frukost på Oslo Børs

Det er ein lang tradisjon at nye selskap som vert notert først har ein frukost saman med samarbeidspartnarar i det freda bygget til Oslo Børs i Oslo. Frå banken deltar styreleiar og banksjef saman med 4 tilsette.  

 

«Det er ei historisk hending våre tilsette får ta del i» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Børsnoteringa vert feira med kake på kontora banken har i Sunnhordland og Hardanger.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost:  dsa@tysnes-sparebank.no.

 

 

Tysnes/Oslo, 18. desember 2017

 

Dag Sandstå

Banksjef