Satsar på Stord

Banken har tilsett Gjermund Vik som leiar av kontoret på Stord. Han har lang erfaring frå bank – både frå Kvinnherad Sparebank og sist Sparebank 1 SR Bank. Med seg har han kunderådgjevar Lars Peder Langeland.   Førebels er det to tilsette ved kontoret i tillegg til eigedomsmeklarane.

 

Aktiv eigedomsmekling er ein del av kontoret

Kontoret til Aktiv vert lokalisert saman med banken. Førebels vert kontoret betjent med meklarar som kjem frå kontoret i Bergen. Dette er ein førebels løysing inntil ei permant løysing er på plass.

 

Tenester som vert tilgjengelege

Kundane møter lokale rådgjevarar som kan rettleia om personleg økonomi, forsikring og sparing/plassering. Verksemder vil kunna møte lokal bedriftsrådgjevar som kjenner marknaden i Sunnhordland godt. Kontanthandtering vil kontoret ikkje tilby.

 

Stor vekst i Tysnes Sparebank

Banken har i 2016 ein vekst i marknadsandelen på nærare 30 %. Det er få bankar i Noreg som kan vise til slik framgang. Banken sin ambisjon om å vera ”verdast mest personlege bank” er eit konsept som mange likar.  I tillegg har mange konkurrerande bankar lagt ned kontor der Tysnes Sparebank opnar kontor.

 

”Vi har stor tru på Stord-marknaden og vonar mange nye kundar ynskjer å besøkja den lokale sparebanken. Er ein kunde i den lokale banken stør ein også lokalsamfunnet. Som lokal sparebank vert ein del av overskotet i banken gjeve attende i form av gåver og stønader til lag og organisasjonar” seier banksjef Dag Sandstå.

 

Størst vekst blant kundar mellom 25 og 45 år

”Det er gledeleg at ein stor del av veksten av nye kundar er i segmentet 25 til 45 år. Det er kundar som er i ein fase i livet der mange ynskjer å snakke med ein kunderådgjevar som kjenner dei lokale tilhøva og på den måten finn dei beste løysingane for den einskilde person” uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Lokalbanken for små og mellomstore verksemder

I dag er det mange verksemder som opplever at det er vanskeleg å få kontakt med banken sin. Lokalkontoret er borte, og mange må nytta digital kommunikasjon for å kontakta banken. Tysnes Sparebank vil ha eit godt tilbod til verksemdene i regionen.

 

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 31. mai 2017   

Tysnes Sparebank

Dag Sandstå

Banksjef