- Det høyrest kanskje rart ut, men nokon få kilometer har mykje å seie. Storbankane sine rådgjevarar sit gjerne i Oslo. Den geografiske avstanden gjer at dei ikkje har same oversikt over kva som skjer her, og dermed ikkje like godt vedtaksgrunnlag når dei skal vurdere søknader, fortel ein av våre sjefar for bedriftsmarknad i lokalbanken.

Gode søknadar får avslag i storbankane
- I fjor hadde vi ein kunde som skulle kjøpe ein næringseigedom som hadde lege ute til sal lenge. Kunden hadde tidlegare søkt ein av dei nasjonale bankane om finansiering, men fekk avslag. Konklusjonen til storbanken var at eigedommen ikkje var attraktiv i marknaden. Vår konklusjon var derimot stikk motsett.

- Næringseigedommen var faktisk mellom dei mest attraktive i Strømmen. Det var andre tilhøve enn pris som gjorde at den ikkje hadde vorte omsett. Vi kjende godt til området og historikken der, og innvilga finansiering. Kunden fekk ta over – og leigde ut til solide aktørar med ei gong. Avvisinga frå storbanken var rett og slett skivebom.

Smidigare system og «kortreiste» beslutningar
I følgje rådgivarane er dei mange tilsvarande eksempel på at nasjonale banker har sagt nei til gode søknader, som han seinare har sagt ja til. Større kunnskap om lokalt næringsliv er hovudgrunnen, men han meiner også noko må tilskrivast smidigheita som finst i lokalbankane kontra storbankane.

- Eg trur dei nasjonale bankane ofte må forhalde seg til svært rigide retningslinjer. Sidan dei driv nasjonalt, må også retningslinjene vere nasjonale – og er dermed ikkje tilpassa lokale forhold.

- Slik som i tilfellet med finansieringa av næringseigedommen?

- Ja. Hjå oss er det kortare veg mellom rådgjevar og endeleg avgjerdsmyndigheit. Som lokalbank har vi moglegheit til å sjå bak tala. Vi kan rett og slett tenkje litt utanfor den «aksepterte boksen» til storbankane.

Like mykje rådgjevar som bankmann
Som finansrådgjevar for bedriftsmarknaden kjem ein svært tett på fleire bransjar, noko dei gjer jobben unik.

- Det er ingen andre posisjonar innan næringslivet som kjem så tett på den operasjonelle sida av ei bedrift si verksemd. Når ein kunde kjem til oss, set vi oss ned og snakkar om absolutt alt rundt forretningsverksemda. Fordi vi snakkar med mange ulike kundar i ulike bransjar, lærer vi også veldig mykje sjølv.

Denne lærdomen kan rådgjevaren overføre til kundar i andre bransjar.

- Når vi ser korleis ting blir gjord i ein bransje, organisatorisk eller på andre måtar, prøver vi å ta det vidare til andre kundar. Fordi vi kjenner så godt til næringslivet i Strømmen hender det også ofte at vi knyter kundar saman, og fungerer som ein nettverksbyggjar. Heilt konkret kan det vere at vi har ein kunde som leiter etter ein samarbeidspartnar: om vi kjenner nokre som passar, set vi dei i kontakt. 

Viktig for oss at kundane gjer det bra
Når rådet kjem frå lokalbanken kan kunden kjenne seg trygg på at det er i deira beste interesse.

- Mens finansbankane sin eksistens er tufta på å generere eit størst mogeleg overskot til aksjonærane, har vi som mål å sikre drifta av banken og å gje tilbake til lokalsamfunnet. Gode råd frå oss gjer at kunden tener betre, og blir ein sikrare betalar. 

- Det viktigaste for oss er derfor at kundane våre gjer det bra.