Gjeldregisteret skal brukast av bankane slik at dei kan utføra ein ekstra kontroll når du søker lån – uavhengig av kva for ein lånetype det er snakk om (bustadlån, billån eller forbrukslån).

Gjeldregisteret gir bankane eit sanntidsbilde av den økonomiske situasjonen din og ei komplett oversikt over din usikrede gjeld og kredittrammer. Gjelda blir fordelt på tre ulike kategoriar; kredittkort, forbrukslån og faktureringskort. Summen av kredittrammer og gjeld vil vera avgjerande for kor mykje du kan låna vidare. Til dømes ved søknad om bustadlån kan du låna maksimalt 5 gonger din årsinntekt. Mange har ein «sovande» kredittramme som vil få større tyding i lånesøknaden.  Har du fleire kredittkort du ikkje nyttar deg av, bør du redusera kredittrammen eller vurdera å avslutta desse.

Hos oss kan du enkelt justera ned kredittrammen din og tilpassa denne til behova dine. Slik gjer du det:
1. Logg deg inn i mobilbanken
2. Velg Kort - nedtrekksmeny - Senk kredittgrense
3. Alternativt finn du same val under Korttenester - Senk kredittgrense

Eit godt råd er å samla så mykje som mogleg av gjelda di på éin stad. Har du til dømes kredittkort, smålån og bustadlån hos oss, ser vi heile deg og den økonomiske situasjonen din. Då kan vi enklare finna dei gode løysingane som passar både til ditt lånebehov og betalingsevna di. Snakk gjerne med oss om moglegheitene for å innfri gjeld hos andre bankar og flytta denne til oss. Vi hjelper deg gjerne.