Handelshøyskolen BI, Barcode Intelligence og Norstat står bak målinga som fortel kor berekraftige norske bedrifter er, sett frå kundanes ståsted. 5 331 norske forbrukarar har deltatt i årets undersøking, der dei vart bedne om å vurdere bedrifter dei er kundar hos på berekraft. Vurderinga tar for seg økonomisk, miljømessig og sosial berekraft.

- Dette er fantastiske resultat! Alliansebankane har eit unikt og godt utgangspunkt for berekraftsarbeid, og det gjer godt å sjå at Eika-kundene stoler på banken i berekraftsarbeidet, seier konserndirektør for berekraft i Eika Gruppen, Marianne Groth.

 

 

Ideen bak sparebankane er å sikre økonomisk trygd, utvikling og livskraft i lokalsamfunnet over tid, både for privatpersonar og lokalt næringsliv. Det er det tydeleg at kundane er klar over og set pris på. 

 

 

- Det er inspirerande at vi er tilbake på 4. plass totalt sett og beheld 1. plass innan bankbransjen. Dette gjenspeglar det høge engasjementet bankane - og vi saman - i Eika har når det kjem til berekraft. Vi skal bli endå betre i åra framover, og dette gir ein utruleg motivasjon for arbeidet, seier Groth.

Undersøkinga viser òg at bank er ein av dei bransjane der oppfatninga til kundane av berekraft har ein tydeleg påverknad på vala dei gjer som kundar og kundelojaliteten deira. Bankar som ikkje blir oppfatta som gode på berekraft vil med andre ord vere mindre attraktive for kundane. Det er ingen grunn til å tru at dette blir mindre viktig framover.

Ambisjonen til Eika-bankane er å vere Noregs leiande hovudbankar. Det betyr mellom anna at vi hjelper privatpersonar og lokale bedrifter å ta gode, berekraftige val for eiga verksemd og økonomi – samtidig som vi hjelper kundane med å verkeleggjere planane sine, mål og moglegheiter. Bankane bidrar òg til lokal berekraft gjennom dei årlege gåvetildelingane og Lokalverdi-satsinga. I sum tilfører dette norske lokalsamfunnet meir ein 200 millionar kroner årleg til allmennyttige formål.

Les meir om Norsk bærekraftbarometer, eit forskningsprosjekt ved Handelshøyskolen BI