1. Kva løner seg – eige eller leige?

Å eige løner seg meir enn nokon gong, medan å leige gir meir fleksibilitet til å flytte eller reise rundt. Kva du vel, er avhengig av økonomi, livssituasjon og kor stor fridom du ønsker. Er du heldig å få hjelp til å kome deg inn på bustadmarknaden tidleg, ha i tankane at du bør behalde bustaden nokre år for å oppnå god forteneste når du sel. Om du ikkje vil kjøpe enda, gå saman med fleire i eit kollektiv. Slik kan du halde leigeutgiftene på eit minimum, samtidig som de kan dele på hushaldsutgifter. Sett pengane du sparer på ein BSU-konto, slik at du er betre rusta for bodrundar når du éin gong skal kjøpe.

2. Set opp eit budsjett – gjer sparing til ein sport

Keisamt? Neida! Budsjett kan gjerast utan rekneark og matteformlar. Kartlegg inntekter og løpande utgifter på ein enkel måte. Ver førebudd på å leve litt spartansk dei første vaksenåra og bestem deg for kva for prioriteringar du vil gjere. Det er mange rimelege løysingar som er like bra som dei dyre. Arranger heimefest framfor å gå på byen, gjer storhandel basert på ein planlagd vekemeny, lag niste og ta med kaffi på termos framfor å bli gjengangar i kantina. Og ikkje minst bruk Finn.no for det det er verdt. Du vil fort sjå at det er hundre- og til og med tusenlappar å spare. Og akkurat det er jo ganske gøy!

3. Forsikringane er mange – desse bør du ha

Det er lett å tenke «det skjer ikkje meg». Difor står også mange utan dekning når uhellet er ute. Ver smart og sørg for at du betaler for dei forsikringane du faktisk treng, som innbu-, reise- og personforsikring. Desse dekker tinga dine i heimen ved tjuveri, vann- eller brannskadar, om du får fråstole eller øydelagt ting du har med deg når du forlèt heimen, og utbetalingar ved sjukdom eller operasjonar. Men før du teiknar nokre avtalar, sjekk om du kan vere dekka gjennom forsikringar foreldra dine har. Dei fleste forsikringsselskapa har også gode studenttilbod. Snakk med fleire og vurder tilboda dine opp mot kvarandre. Det vil garantert løne seg.

Med desse råda i kofferten, kjem du eit lite stykke på veg inn i vaksenlivet. Med desse råda i kofferten kjem du eit lite stykke på veg inn i vaksenlivet. Det er mykje godt ved å vere sjef over eige liv, men det beste er å klare seg sjølv!