Store dagar kan fort skapa meir uro enn glede, viss ein blir riven med av sut for at ikkje dagen skal bli bra nok. Gjer deg sjølv ei teneste: Fokuser på kva du får til, og gå hundre prosent inn for det, heller enn å la tradisjonar og trendmagasin piska opp forventingane.

Christian Vestengen veit at det krev sitt når ein barnedåp melder seg i ein allereie hektisk kvardag. Sjølv sjonglerer han rolla som far til to barn og jobben som Senior Marknadsansvarleg i Eika Kapitalforvaltning og trivst godt med det, men han har lært seg nokre triks på vegen:

 

– Gjer det enkelt for deg sjølv, og prøv å byrja i god tid for å unngå stress. 

Vestengen minner oss òg på at familien rundt gjerne vil hjelpa til, så det er fint å la dei gjera nettopp det. Kanskje er det no superonkel skal få briljera med bordkort og pynt? Så kan tante Bøll syngja ein spesialskriven song, medan fadderen lagar lysbileteshow og tek bileta på sjølve dagen?

Uansett om du har eit stort eller lite budsjett, får de til ei fabelaktig feiring for den håpefulle og dei nærmaste.

Gjer det enkelt og effektivt: Denne gåva er heilt genial


Planlegging

Følg nøye med når det blir halde liknande arrangement året før de skal til pers. Då kan du plukka opp verdfulle detaljar og koma godt i gang med di eiga planlegging. Når dagen nærmar seg kjem du til å takka deg sjølv for alt du har planlagt i god tid.


Mat

Tenk praktisk. Kanskje skal du be nokon i familien om å hjelpa til? Kulinariske topp-opplevingar kan du spara til vennegjengen, denne dagen skal berre flyta og vera triveleg for alle. Nicolai på 8 likar uansett ikkje kamskjela du tingar frå den dyraste cateringa i byen.


Lag budsjett

Bli samde på førehand om kor mykje de tenkjer å bruka til saman. Då slepp de å gå med ei kjensle av at kostnadene veks ut av kontroll.


Ein god tale er ... kort

Det er fort gjort å byrja å ramsa opp fakta om adresseendringar, namn på skular og handballag. Gjer det heller enkelt og poengtert:

  • Du får ikkje sagt alt du har på hjarta. Om du måtte velja – kva er den eine tingen du vil forsamlinga skal sitja att med?
  • Sei noko morosamt eller lettbeint så tidleg som mogleg. Då sit låtten og smila lausare hjå forsamlinga utover i talen.
  • Trekk gjerne fram to-tre pussige hendingar som seier noko om dagens midtpunkt. Det er lov å røpa tøysete og mildt ufordelaktige hendingar.
  • Takk for bidrag og oppmøte, viss nokon har reist langt.
  • Snakk direkte til hovudpersonen.
  • Byrja og slutt med det same poenget, visdomsordet eller sitatet. Då blir talen oppfatta som heilskapleg og gjennomtenkt.
  • Avslutt med å gi håp for framtida.
  • Skaff deg ei god handbok. Talerens lille sleipe av Egil Aslag Aursand Hagerup kan anbefalast uansett om du har god eller dårleg tid til å førebu deg.

Lokale

Du treng ikkje leiga eit fancy lokale, men du kan pynta det råbra om du byrjar i rimeleg god tid. Personlege bordkort er alltid hyggjeleg! Kanskje med bilete av kvar einskild på? Då kan òg dei barna som er for små til å lesa, engasjera seg i bordplasseringa. Viss du får hjelp til pyntinga er det lurt å la hjelparen få utfalda seg ganske fritt, og jobba ut ifrå inspirasjon heller enn instruksjon.

Det er moro med bilete på stor skjerm, men skriv òg ut ein del gamle bilete av hovudpersonen og heng dei opp i lokalet. Det skapar meir glede og lått enn du skulle tru.


Foto

Bileta blir fort dei sterkaste minna, men du treng ikkje bruka pengar på ein dyr fotograf. Kanskje har du ein venn eller ein i familien som er flink og kan steppa inn? Han eller ho gjer truleg ein glimrande jobb mot at du viser begeistring og takksemd.


Kva med underhalding?

Ein slik dag går unna, så du treng ikkje driva underhaldingsprogrammet for vidt, men la for all del tante Bøll framføra den spesialskrivne songen, og tante Marit få lesa den utvalde kjøleskap-poesien sin – om dei vil.

Vestengen synest det held i massevis med ein quiz eller kahoot der dagens hovudperson er tema. – No er ikkje eg veldig flink eller glad i å syngja, så når tanta mi seier vi skal dra fram den rosa songen som ligg under tallerken, tek eg ikkje akkurat bølgja. Når det er sagt, så synest eg det seier litt når ein person har brukt så mykje tid og energi på å laga ein song til barnet mitt eller meg. Så då syng eg med den stemma eg har.


Gåva som veks med barnet

Kjensla av at alle har alt blir berre sterkare og sterkare, så kva med å gi ei gåve med både meining og varig verdi? No når appen Smartspar er tilgjengeleg for alle, uansett kva bank ein nyttar, er oppstart av fondsparing noko av det aller beste ungdomen kan få. Smartspar gjer det enkelt å spare til barnet og invitera andre til å bidra.

Tenk om flokken rundt set inn litt til jul og bursdagar år for år, til ungdomen skal inn på bustadmarknaden. Det kjem garantert godt med for den nyvaksne. Og kjem fondssparinga i gang allereie ved dåpen eller namnedagen, får etterkomaren din ein kickstart i særklasse.


Dette får du til!

Oppi alt du skal halda styr på, så hugs at dei som kjem truleg steppar inn om det trengst ei hjelpande hand. Fullt fokus no, så kan du leggja deg med beina høgt etterpå. Lukke til!

Last ned Smartspar og kom i gang