Med mobilen alltid tilgjengeleg, blir det no unaturleg å ta omvegen om kodebrikka når du skal gjere transaksjonar på nett:

  • Med BankID-app slepp du å hugse på kodebrikka når du er på farten.
  • Det er like sikkert som med kodebrikka.
  • Du kan handle trygt på nett og mobil uansett kvar du er.

Banken din blir rett og slett lettare tilgjengeleg med BankID-app.   

 

Har du enno ikkje skaffa deg BankID-app?

  1. Ha kodebrikka tilgjengeleg. 
  2. Last ned BankID-appen frå App Store eller Google Play
  3. Følg instruksjonane på skjermen. 

Lurer du på noko undervegs? Vi har laga forklaring på stega her: 

Aktiver BankID-app med kodebrikke. 

Aktiver BankID-app med BankID på mobil.