Er du på jakt etter ny bustad, har du mest sannsynleg begynt å sjå på bustadlån også. Då har du kanskje funne ut at det er fort gjort å gå litt i surr: For kva er eigentlig forskjellen på annuitetslån og serielån, nominell og effektiv rente? Vi har omsett frå bankspråk til norsk daglegspråk.

Ulike typar lån

  • Annuitetslån. Den vanlegaste lånetypen. Du betalar same beløp kvar månad (om renta ikkje endrar seg). Etter kvart som du nedbetalar lånet, blir rentedelen mindre og avdragsdelen høgare.
  • BLU. Bustadlån for unge er eit eige tilbod til deg mellom 18 og 33 år. Du kan låne opp til 85 prosent av kjøpesummen til vår lågaste rente.
  • Rammelån. Blir også kalla flexilån. Du blir innvilga ein kreditt på inntil 60 prosent av bustadverdien, og kan ta ut pengar og betale ned på lånet ditt akkurat når du vil. Kan vere ein fordel når du kjøper oppussingsobjekt og ikkje skal ut med heile beløpet med éin gong.
  • Refinansiering. Har verdien på bustaden din auka, kan du refinansiere bustadlånet ditt for å låne pengar til å pusse opp.

Andre omgrep

  • Lånegrad. Kor stor del av bustadverdien det er lånt på. Er bustaden din verdt 1 million og du har lånt 700.000, er lånegraden 70 prosent.
  • Effektiv rente. Nominell rente pluss gebyr. Det er denne summen du faktisk må betale for pengane du låner.
  • Eigenkapital. Den delen av kjøpesummen du dekkjer sjølv. I dag er kravet at du dekkjer minst 15 prosent av bustadverdien. For deg over 34 år er kravet 20 prosent.
  • Fastrente. For deg som vil betale det same kvar månad. Renta er fast, sjølv om marknaden svingar.
  • Finansieringsbevis. Eit dokument som stadfestar kor mykje du kan låne. Ein garanti frå banken som stadfestar at du har finansieringa i orden før du går inn i ein bodrunde.
  • Flytande rente. Når rentene går litt opp og ned, avhengig av marknaden. Om økonomien din toler at det varierer litt, er flytande rente mest lønsamt over tid.
  • Kausjonist. Ein som stiller seg personleg økonomisk ansvarleg som sikkerheit for lånet ditt.
  • Medlåntakar. Ein person som er med på å låne. Like ansvarleg for å betale renter og avdrag som hovudlåntakar.
  • Mellomfinansiering. Eit kortsiktig bustadlån som gjer at du kan kjøpe deg ny bustad før du seljer den gamle.
  • Nominell rente. Renta på lånet ditt, utan eventuelle gebyr.
  • Realkausjonist. Ein som stiller eigedommen sin til sikkerheit for lånet ditt (pant).
  • Rentebuffer. Dette er ein sikkerheitsmargin banken legg inn slik at økonomien din toler litt svingingar i renta.