Tysnes Sparebank offentleggjer i dag årsrekneskapen for 2016
Forstandarskapet i Tysnes Sparebank godkjende på møtet 30. mars 2017 bankens årsrekneskap for 2016.
Resultat av ordinær drift er 16,9 mill. kr. mot 12,6 mill.kr. i 2015.

Samla utlån inkludert utlån via Eika Boligkreditt AS har passert 2 milliardar kroner.

Sterk auke i marknadsandelen i regionen
Banken opplever stor pågang av nye kundar i regionen Sunnhordland, Os og Fana-området. Veksten i utlån er på 29 %. I 2016 vart bankens reine kjernekapital auka med 42 millionar kroner gjennom ein emisjon. Den reine kjernekapitalen er ved utgangen av 2016 på 19,45 %.

Utbytte på 8,9 % til eigenkapitalbeviseigarane
Det vert utbetalt eit utbytte på 8,9 % til eigenkapitalbeviseigarane. På emisjonen som vart innbetalt medio desember 2016 vert det utbetalt 1/12 utbytte.

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 30. mars 2017

Tysnes Sparebank

Dag Sandstå
Banksjef

Du finn årsrapporten ved å følgje denne lenka