Sterk vekst i inntekter

Banken handsama i styremøtet 15. februar 2024 kvartalrekneskapet for siste kvartal i 2023. Rekneskapet er ikkje revidert. Etter at revisor har gjennomgått rekneskapen skal styret fremja årsrekneskapet til forstanderskapet sitt møte 21. mars saman med forslag til utbytte på eigenkapitalbevisene.

Renteinntektene auka med nesten 20 mill. kroner samanlikna med året før. Ein stor medverknad til auken er den gode veksten i utlån som banken har hatt i 2023.

 

Kostnadsauke på 10 mill. kroner

Banken har auka kostnadene med om lag 10 mill. kroner samanlikna med året før. Dette har bakgrunn i ein stor del eingongskostnader i samband med bytte av dataleverandør og kostnader relatert til samanslåingsprosessen med Haugesund Sparebank.

 

Samanslåing med Haugesund Sparebank

Forstanderskapet godkjente i desember 2023 avtale om å slå saman Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank. Denne prosessen er godt i gang, og det vert arbeidd med å avklare dei endelege tidspunkta for juridisk og teknisk samanslåing. Målet er at den juridiske samanslåinga vert gjennomført så tidleg som mogeleg i løpet av 2024.

Etter samanslåing skal kontorstrukturen til Tysnes Sparebank vidareførast og forsterkast. Kundane vil møta dei same medarbeidarane som i dag etter samanslåinga. Det vert også starta ein prosess for å finna eit nytt navn på den samanslåtte banken.

 

Avset 10 mill. kroner til potensielle tap i tida framover

I årsrekneskapet vert tapsavsetjingar til mogelege framtidige tap auka med 10 mill. kroner. Av dette er 2,2 mill. kroner konstaterte tap i samband med konkursar.

«Det er krevjande tider for bedriftene grunna den uroa som er rundt oss. Mange verksemder har likviditets-utfordringar, noko vi også må ta høgde for på tapssida» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Årsresultat før skatt om lag 1 mill. kroner betre enn året før

Til tross for store eingongskostnader og auka tapsavsetjingar er det resultatframgong samanlikna med året før.

Dersom det er spørsmål til pressemeldingen kan banksjef Dag Sandstå telefon 90089084  (epost dsa@tysnes-sparebank.no).

 

Tysnes, 15. februar 2024

Dag Sandstå

Banksjef