Saksliste: 

  1. Velkomen og registrering av frammøtte eigarar
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 møtedeltakarar til å skrive under referat frå valmøte
  4. Val av 1 medlem til forstanderskapet
  5. Val av 1 varamedlem til forstanderskapet
  6. Val av 1 medlem til valkomite for eigenkapitalbeviseigarar
  7. Eventuelt

Innleiingsvis vil banksjef Dag Sandstå gje ei orientering om Tysnes Sparebank. 

Valkomiteen for eigenkapitalbeviseigarane si innstilling på kandidatar til forstanderskapet og medlem til valkomite for eigenkapitalbeviseigarar er vedlagt. 

Alle eigenkapitalbeviseigarar som er registrert i Verdipapirsentralen (VPS) på valdagen er røysteføre. Kvart eigenkapitalbevis gjev ei stemme på valmøtet. Avstemminga skjer skriftleg dersom ikkje alle møtande samtykkjer i at avstemminga skjer på ein annan måte. Den eller dei som får flest stemmer er valt. I tilfelle av likt antal stemmer vert det loddtrekning. 

Vi ber om tilbakemelding på di deltaking innan laurdag 5. februar 2022 til Britt Ersvær på telefon 95 28 43 06 eller per epost til ber@tysnes-sparebank.no. Dersom det vert fleire påmeldte enn gjeldande Covid-19 anbefaling frå regjering tilseier, vil møtet verta gjennomført som teams-møte. 

Dersom du møter med fullmakt, må vedlagte fullmakt returnerast i underskriven stand og vere motteke i banken innan laurdag 5. februar 2022

Innstilling frå valnemda finn du her, samt på knappen nederst på sida. 

Fullmaktsskjema finn du her.

Med helsing,

Tysnes Sparebank

Reidun Myklebust

Leiar forstanderskapet