Banken lanserer nytt servicekonsept
Tysnes Sparebank er alt godt i gong med å planlegge nye konsept for å vinna kampen om marknadsandeler i Sunnhordland. Som fyrste bank i Noreg lanserer Tysnes Sparebank servicekonseptet «drive-in for båt». 

Øya Hidle utanfor Stord er den nye lokasjonen
Når båtsesongen startar vil Tysnes Sparebank vera tilgjengeleg for båtfolket på øya Hidle i Sunnhordland. Der vil turistane som drar til og frå Sunnhordlandsregionen kunna kjøyra innom havnefilialen på Hidle. Det vil vera 2 fast stasjonerte medarbeidarar frå 2. mai 2021 og fram til 30. september. Dei vil vera busett på øya i denne perioden, og har ope 24 timar i døgnet.

«Tysnes Sparebank har alltid funne nye måtar å nå kundane på, dette konseptet viser den store innovasjonskrafta som er i banken» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Tilgjengelege tenester
Banken tilbyr alle banktenester i det nye konseptet. Det vert også høve til å kunna kjøpa alle typar internasjonal valuta i tillegg til dei vanlege produkta kundane har tilgjengeleg.

«Vi er kjende med at større båtar av og til set kursen over Nordsjøen frå Sunnhordland. Desse har ofte eit større behov for kontantar enn vanleg. Dette er ei kjøpesterk gruppe som har betalingsvilje for denne type tenester» seier banksjefen.

Gratis båtvask
Som ein ekstra service vil båtfolket kunna få gratis vask av skutesida dersom ein kjøper forsikring på båten sin ved besøket. Vaskinga vert utført av spesialutdanna medarbeidarar på havnefilialen som også har god fagkunnskap innan forsikringsområdet.

«På denne måten får vi undersøkt skroget grundig slik at vi finn det rette forsikringsproduktet for kunden» uttalar banksjef Dag Sandstå.


Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.


Tysnes, 1. april 2021

Dag Sandstå
Banksjef